Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2022-2023

Bilde: Roy Andersen, NINA
Bilde: Roy Andersen, NINA

I Møre og Romsdal kan det fellast inntil 7 jervar i lisensfellinga som startar 20. august.

Publisert 19.08.2022

I Møre og Romsdal kan det fellast 5 jervar i beiteprioritert område (sone 2 i vedlagt kart). 
Innanfor forvaltningsområdet for jerv kan det fellast 2 jervar (sone 1 i vedlagt kart).

Lisensfellingsperioden for jerv varer frå og med 20. august til og med 15. februar, jf forskriftsendring fastsett 17. august 2022 av Klima- og miljødepartementet (sjå vedlegg).

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge fatta vedtak om kvote for lisensfelling av jerv 2022/2023 i møte 23. mai 2022. Vedtaket går fram av vedlagt møteprotokoll.

Vedtaket er klaga på, og departementet handsama klagen i vedtak 1. september. Totalkvoten er opprettheldt, men tispekvoten er redusert. Les meir i vedlagt klageavgjerd.

Oppdatert informasjon om kvoten får du i kvotetelefonen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.