Verdsdagen for bier

Lushatthumle (Bombus consobrinus). Foto: Jan Ove Gjershaug, Norsk institutt for naturforskning.

I dag, 20. mai, er det verdsdag for bier. I Noreg er det påvist 208 arter, og det gjeld både humler, villbier og honningbia. Denne dagen er med på å rette fokus og betydning på desse viktige artane, som spelar ei sentral rolle for det biologiske mangfaldet og økosystema på jorda. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2022

Ein viktig pollinator

Bier lever av pollen og nektar og spreier pollen frå blome til blome. Dei er difor viktige artar for at plantar skal kunne formeire seg. Opp til 30 % av all maten vi menneske et, kjem frå plantar som er pollinert av bier. Dette gjeld til dømes frukt, bær, erter, bønner, kakao og kaffi. Ein tredel av bieartane er på norsk rødliste for artar, som betyr at dei er i større eller mindre fare for å forsvinne heilt. Også mange andre pollinerande insekt er på Rødlista.

 

Leveområde under press

Det er fleire grunnar til at biene slit. Tap av leveområde er ein vesentleg faktor, med blant anna nedbygging, moderne landbruk med monokultur og gjengroing av kulturlandskapet. Alt dette gjer at det blir lange avstandar mellom blomsterengene. Sprøytemiddel og klimaendringar er andre faktorar.

 

Tilskot til tiltak for pollinerande insekt

Det er lagd ein Nasjonal strategi for villbier og andre pollinerande insekt. Der er det foreslått tiltak som kan bidra til å betre forholda for pollinatorane. Videre er det innført tilskot til ulike tilretteleggingstiltak for pollinerande insekt både via Klima- og miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Informasjon om tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt finn du her. Slåttemarka er eit viktig habitat for pollinerande insekt, og det finnes også ei tilskotsordning for trua naturtypar.

 

Kva kan du gjere for biene

Både privatpersonar som eig hage, bønder, næringslivet og forvaltninga kan bidra til gode levekår for artane. Nokre tiltak du kan gjere:

  • Du kan plante ulike plantar, som blomstrar til ulike tidspunkt. Blomstermeny.no har døme på plantar.
  • Du kan opne et insektshotell i hagen. Du kan også lage ei humlekasse. Et alternativ er å la det vere litt rotete i hagen, slik at dei finn naturlege levestadar.
  • Unngå å sprøyte med plantevernmidlar.
  • La grase og blomstrane gro i hagen.
  • Lag insektsvenlege kantsoner.
  • Slå ei slåttemark.

 

Fleire gode tips til korleis du kan hjelpe biene og dei pollinerande insekta: