Slåttemark i vinden i Møre og Romsdal

Dei gamle slåttemarkene, eller blomsterengene, er ein trua naturtype som sidan 2009 er følgd opp med eigen handlingsplan og tilskotsordning. I dag blir 150 slike enger skjøtta i fylket vårt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2016

I Møre og Romsdal er mange involvert for å ta vare på dei gamle slåttemarkene. Om lag 150 slåttemarker er følgt opp med skjøtselsplanar og tilskot. Gardbrukarar, grunneigarar, organisasjonar og venneforeiningar deltek i arbeidet. Fleire stader i fylket blir det arrangert slåttedagar der mange møter opp, til dømes Vaulen i Surnadal, Ytste Skotet og Mosætra i Stordal, Stokke i Gjemnes og Flåøya i Sunndal. I 2016 er det brukt om lag 2,6 mill. kr til skjøtselstiltak på slåttemarker i Møre og Romsdal.

For å ta vare på slåttemarkspreget og artsrikdomen i enga (planter, sopp, insekt) er det viktig med sein slått i siste halvdel av juli eller i august og at graset blir fjerna etter 2-4 dagars bakketørking. Etterbeiting er viktig om hausten og det må ikkje tilførast gjødsel.

Les meir om skjøtsel av slåttemark i vedlagt brosjyre.