Det blir enklare å bruke naturmangfaldlova

Klima- og miljødepartementet har fornya rettleiaren til naturmangfaldlova kapittel II. Den nye rettleiaren skal gjere det enklare å bruke lova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.04.2016

Da naturmangfaldlova kom i 2009, fikk vi for første gong ei lov med prinsipp for bærekaftig bruk som skulle gjelde for alle vedtak som vedkjem natur. Seks års praktisering av loven har gitt verdifull erfaring som no er innarbeida i rettleiaren. Den nye rettleiaren skal gjere det enklare å bruke lova på fleire måtar:

  • Inneheld mange eksemplar på korleis vurderingar kan gjerast
  • Det gjerast klart når prinsippa ikkje  treng å bli vurdert
  • Det gjerast klart når prinsippa ikkje treng å bli vurdert

Rettleiaren skal vere eit dynamisk verktøy, og skal oppdaterast fortløpande ved behov.