Støtte til klimatiltak - Klimasats 2023

Manglar din kommune pengar for å få på plass eit godt klimabudsjett og gode sirkulære løysingar? Treng de støtte til å jobbe med arealnøytralitet og til tiltak som reduserer klimagassutsleppa? Da må de søke om pengar frå Klimasats innan 1. mars!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2023

I 2023 er det satt av 100 millionar kronar til Klimasats-ordninga. Det er berre lagt opp til ein søknadsrunde i år. Det betyr at kommunen må søke innan 1. mars.

Kven kan søke?

  • Kommunar
  • Fylkeskommunar
  • Føretak organisert etter kommunelova kapittel 9

Fleire søkarar kan sende inn søknad saman.

Kva kan ein søke om?

Kommunen kan søke støtte til ei mengde ulike tiltak i ein rekke ulike sektorar og i ein rekke ulike roller. Det meste kan søkast om, så lenge det bidreg til å redusere klimagassutslepp, til å omstille til lågutsleppssamfunnet eller begge deler. Det må gjerne vere nye og uprøvde klimatiltak, men det er også lov å la seg inspirere av tidlegare klimasatsprosjekt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal oppfordrar i år spesielt kommunane til å søke om midlar til:

  • å få på plass eller forbetre klimabudsjettet
  • sirkulære løysingar
  • arealplanlegging som legg mindre beslag på areal og tar vare på karbonrike areal

Korleis søke?

Alt du treng å vite for å søke om midlar ligg på Miljødirektoratet si nettside om Klimasats.

 

Kontaktpersonar

Klimasats – støtte til klimatiltak

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Støtta skal vere utløysande for at tiltaka blir gjennomført, kommunen må bidra med eigeninnsats og søknadar må vere politisk forankra.