Oppdrett i Storfjorden i konflikt med villfisk

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meiner at oppdrettsanlegg ikkje må bli oppretta i sjøområde som har så store problem med lakselus som Storfjorden har.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meiner at oppdrettsanlegg ikkje må bli oppretta i sjøområde som har så store problem med lakselus som Storfjorden har. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / kartutsnitt.

Statsforvaltaren i Trøndelag har omgjort Fjord kommune sitt dispensasjonsvedtak for etablering av to akvakulturanlegg på Smineset og Urdaneset.

Publisert 20.09.2021

Fjord kommune gav tidlegare i år løyve til å etablere to femårige oppdrettsanlegg på Smineset og Urdaneset. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klaga på kommunen sitt vedtak om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel. Klaga var grunngjeve med at oppdrettsanlegga vil føre til ytterlegare to moglege smittekjelder for lakselus for vill laks og sjøaure i Storfjorden.

Fjord kommune ville ikkje følgje klagen frå Statsforvaltaren, og saken vart sendt til Statsforvaltaren i Trøndelag for endeleg vurdering. Det ende med at dispensasjonen vart avslått og omgjort.   

Stort press frå lus

– Laks og sjøaure i Storfjorden er under stort press. Fleire elvar slit med å få opp dei naturlege fiskebestandene. Larvar frå lakselus på oppdrettsfisk kan bli spreidd via vasstraumane til laks og sjøaure i fjorden. Dette kan igjen føre til auka dødelegheit for villfisken. Ei auke av oppdrettslaks i Storfjorden vil kunne forverre situasjonen, seier fagsjef Jon Ivar Eikeland hos Statsforvaltaren.

Storfjorden i raud sone

Nærings- og fiskeridepartementet opererer med eit «trafikklyssystem»  der  ulike område i sjøen vert markert med fargane grøn, gul og raud. Grøn farge er dei sjøområda der det er antatt at under ti prosent av laksesmolten dør som følgje av lakselus. Her kan det bli opna for seks prosent vekst av produksjon av oppdrettsfisk. I gul sone er det antatt at 10-30 prosent av laksesmolten dør som følgje av lakselus. Her er det lagt opp til at produksjonen av fisk ikkje skal endrast.

– Storfjorden er farga raudt. I raude område er det antatt at over 30 prosent av laksesmolten kan dø som følgje av lakselus. Innanfor dette området skal det skje ein seks prosent reduksjon i produksjon av oppdrettsfisk, seier Eikeland.  

Kommunen om vurderinga

Kommunen har i si saksutgreiing argumentert med at konsekvensane for naturmangfald ikkje kan fastsettast utan meir informasjon om driftsmetode og utforming av sjølve anlegga. Kommunen meiner at desse vurderingane vil bli gjort seinare gjennom vidare handsaming etter akvakulturlova. Her vil også fleire sektormynde gje uttale, som til dømes Mattilsynet.

Vilkåra for å gje dispensasjon er ikkje oppfylt

Statsforvaltaren i Trøndelag påpeiker at søknaden ikkje er tilstrekkeleg opplyst så lenge ein ikkje har vurdert konsekvensane for natur- og friluftslivinteresser. Dette er eit krav i forvaltningslova. Ei slik vurdering kan ikkje utsettast til eit seinare høve, men må vere på plass før ein gir dispensasjon.

Statsforvaltaren konkluderer også med at omsyna bak føremålet i kommuneplanen for Storfjorden blir vesentleg tilsidesett om det blir gitt dispensasjon til å etablere dei to akvakulturlokalitetane.

Må sjå Storfjorden under eitt

Kommunane som er tilknytt Storfjorden planlegg oppstart av arbeid med ein interkommunal sjøområdeplan for fjordsystemet. Dette arbeidet vil vere viktig, meiner Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Smineset og Urdaneset ligg der gjeldande kommuneplan for Stordal vart godkjent i 1995. Dette er ein gamal plan som manglar rammar for kor ein kan etablere akvakultur.

– I ein interkommunal plan vil ein kunne sjå heilskapleg på heile fjordsystemet, og vurdere ulike typar næring, slik som akvakultur, opp mot fjorden si toleemne. Det er mykje betre å fastsette lokalitetar for akvakultur i ein slik plan enn å opne for ei "bit for bit-forvaltning" i Storfjorden. Spesielt sidan den ville lakse- og sjøaurebestanden allereie viser klare teikn på at dei slit, seier Eikeland.

Visningssenter

Dei to lokalitetane skulle nyttast i samband med eit planlagt Visningssenter i Stordal. Fiskeridepartementet gav for nokre år sida tilsagn til visningskonsesjon, med vilkår om at Smineset og Urdaneset vart godkjente som lokalitetar. Ein visningskonsesjon inneber eit løyve til produksjon av oppdrettsfisk, samtidig som ein skal legge til rette for at publikum kan sjå og lære meir om norsk havbruksnæring, både på land og i sjø.

 Eit slikt anlegg for opplæring kan i utgangspunktet vere positivt. Men Statsforvaltaren meiner at ein må legge slike anlegg i sjøområde som ikkje har store problem med lakselus, slik som Storfjorden har. Dei må leggast til område som er vurdert som grøne i trafikklyssystemet, avsluttar Eikeland.

Kontaktpersonar