Funn av korallar i nærleiken til oppdrettsanlegg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har pålagt 4 oppdrettarar å kartleggje moglege førekomstar av korall i nærleiken til anlegga deira.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.08.2019

Illustrasjonsbilete av korallrev (Lophelia pertusa/øyekorall i to fargevariantar) frå Selligrunnen i Trøndelag. Foto: © Nils Aukan.

Øyekorall frå Tautrarevet i Trøndelag. Fotograf: Nils Aukan.

I akvakultursaker er Fylkesmannen mynde for utslepp, og utsleppsløyva gjevast med heimel i forureiningslova og naturmangfaldlova. I naturmangfaldlovas § 8-12 blir det mellom anna satt krav for å redusere negative påverknader på naturmangfaldet. Korallane er ei viktig brikke i naturmangfaldet på djupt vatn, og er særleg sårbare då dei veks svært sakte.

Fylkesmannen har pålagt 4 oppdrettsanlegg å kartleggje korallar innafor 1 km frå anleggja. Dei 4 anleggja er vald ut ifrå kunnskap ein har fått frå mellom anna Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) si korallkartlegging, Havforskningsinstituttet sine undersøkingar, samt Fiskeridirektoratets intervju med lokale fiskarar. Dei aktuelle anlegga er Dryna i Midfjorden (Salmar), Sjølsvik i Tingvollfjorden (Lerøy), Setevika/Setevika Nord i Julsundet (Salmar) og Kattholmen i Freifjorden (Måsøval).

Ved undersøkinga ved Kattholmen vart det funne ein god del korallskog (hornkorallar), men inga korallrev (øyekorall). Ved Dryna vart det funne hornkorallar og fleire mindre rev av øyekorall, mens det ved Sjølsvik er funne både korallskog og korallrev. Ved Setevika/Setevika Nord vart det funne både korallrev, korallskog og blomkålkorall.

Dryna og Sjølsvik fekk krava om korallkartlegging i samband med deira søknad om auke i maksimal tillate biomasse (MTB) på anlegga. Kattholmen hadde kartlegginga som vilkår i utsleppsløyvet (frå 2013). Medan Setevika/Setevika Nord fekk kravet på bakgrunn av ny kunnskap gjennom NGU si korallkartlegging i Romsdalsfjordsystemet.

Illustrasjonsbilete av sjøbusk, risengrynkorall (hornkorallar som kan danne korallskog) og kålrabisvamp frå Skarnsundet i Trøndelag. Foto: © Nils Aukan.

Sjøbusk, risengrynkorall og kålrabisvamp fra Tautrarevet i Trøndelag. Fotograf: Nils Aukan.