Ny tilskotsordning for klimarådgiving
Tilskot til klimarådgiving i landbruket er no ei eiga ordning der du kan søke fortløpande.
I nokre år har klimarådgiving vore eit av tiltaka i det regionale miljøprogrammet (RMP). Jordbruksføretak som har gjennomført klimarådgiving, har kunna søke om tilskot gjennom regionalt miljøtilskot. Ordninga gjaldt til og med søknadsomgangen i 2025, med frist 15. oktober 2025.
Endringar i ordninga
No er klimarådgiving flytta til ei eiga ordning. Den viktigaste endringa er at du kan søke om tilskot når som helst, og at søknadane blir behandla fortløpande. Dei andre vilkåra er i praksis dei same som før.
Krav til rådgiving og godkjende føretak
Den nye ordninga gjeld for klimarådgiving utført etter 15. oktober 2025. Rådgivinga og tiltaksplanen må vere utført av eit godkjent klimarådgivingsføretak. Per i dag er det NLR, Tine og Nortura som har slik godkjenning.
Klimarådgivinga kan vere:
- to-til-ein-rådgiving (både husdyr- og planteproduksjon)
- ein-til-ein-rådgiving (enten husdyr- eller planteproduksjon)
- grupperådgiving
Tilskotssatsane for dei ulike rådgivingsformene er fastsette i jordbruksavtalen.
Søknadsprosess
Frist for å søke om tilskot er eitt år etter datoen for rådgivinga. Berre jordbruksføretak kan få tilskot. Føretaket må òg oppfylle vilkåra for produksjonstilskot.
Det er digitalt søknadsskjema, og du loggar inn via ID-porten. Statsforvaltaren behandlar søknadene og fattar vedtak.