Minnemarkering – 15 år sidan 22. juli 2011
- Dato:
- 22. juli 2026 12:00 - 12:30
- Stad:
- Molde domkirke
- Arrangør:
- mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Biskopen i Møre, Støttegruppa etter 22. juli Nordvest og Molde kommune
Offisiell markering i Møre og Romsdal: 15 år sidan terroren på Utøya og i regjeringskvartalet 22. juli 2011.
Arrangementet i Molde domkirke er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Biskopen i Møre, Støttegruppa etter 22. juli Nordvest og Molde kommune.
Programmet startar kl. 12.00 og inneheld musikk, ord, samtale og song.
Program
Stille orgelmusikk ved domkantor Magnus Moksnes Myhre.
Song av Silje Wierli Hagen – «Mitt lille land» og «Til ungdommen».
Eitt minutt stille og 77 klokkeslag – eit for kvar av dei drepne.
Tale av statsforvaltar Else-May Botten.
Samtale mellom ordførar Trygve Grydeland, biskop Ingeborg Midtømme, leiar i Molde ungdsråd, Anders Krogset og leiar i Molde AUF, Ole Henrik Frostad, leia av statsforvaltar Else-May Botten.
Mogleg for alle å legge ned roser og tenne ljos.
Slutt cirka kl. 12.30.
- Dato:
- 22. juli 2026 12:00 - 12:30
- Stad:
- Molde domkirke
- Arrangør:
- mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Biskopen i Møre, Støttegruppa etter 22. juli Nordvest og Molde kommune