Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal 2025
- Dato:
- 30. oktober 2025 08:00 - 31. oktober 2025 16:00
- Stad:
- Scandic Parken Hotel, Ålesund
- Arrangør:
- Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Barnehagelærarar, eigarar, barnehagemyndigheit, høgskuletilsette, PPT, og andre som er opptekne av barnehage.
I ei tid der tryggleik og tilrettelegging ofte står i sentrum i barna sin oppvekst har omgrepet "bomullsbarn" fått auka merksemd. Begrepet refererer til barn som har blitt pakka inn i bomull av omsorgspersonar på måtar som skadar barna.
«Bomullsbarna»
Blir dei overbeskytta i slik grad at dei mister moglegheit til ei sunn utvikling med robustheit og meistringskjensle? Forsking peikar på at risikoleik og friluftsliv der barn får utforske grenser og utfordre seg sjølv i trygge rammer, kan vere ein nøkkel til å byggje robuste barn. Dette vil gjere dei betre rusta til å handtere motgang og stress i ulike situasjonar. Psykisk helse og livsmeistring heng tett saman med korleis barn lærer å møte og meistre utfordringar tidleg i livet. Gode relasjonar og eit velfungerande foreldresamarbeid i barnehagen spelar ei avgjerande rolle. Gjennom ein balanse mellom vern og fridom kan barnehagelæraren leggje til rette for ei sunn utvikling der barna får styrka si mentale helse og meistringskjensle.
Rapportane frå tilskotsordningane syner at fleire av barnehagane i Møre og Romsdal arbeider med livsmeistring og psykisk helse. Vi håpar at Barnehagekonferansen 2025 vil vere eit bidrag i dette arbeidet.
Konferansen arrangerast i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Konferanseavgift
Konferanseavgifta dekkjer det faglege innhaldet. Du må betale konferanseavgifta på kr.1200,- med bindande påmelding og tinging av overnatting.
Påmelding
Det er elektronisk bindande påmelding innan 21.08.24 (innen kl. 23.00).
Følg med på www.barnehagekonferansen.com for påmelding, program og relevant informasjon.
Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til linn.kjol.oldervik@udf.no
eller på telefon: 95493163
- Dato:
- 30. oktober 2025 08:00 - 31. oktober 2025 16:00
- Stad:
- Scandic Parken Hotel, Ålesund
- Arrangør:
- Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Barnehagelærarar, eigarar, barnehagemyndigheit, høgskuletilsette, PPT, og andre som er opptekne av barnehage.