Kurs i offentleg helsearbeid

Dato:
18. oktober 2022 09:30 - 19. oktober 2022 16:00
Stad:
Scandic Alexandra Molde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
LIS1 og turnusfysioterapeutar

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal arrangerer kurs i offentleg helsearbeid for LIS1-legar og turnusfysioterapeutar i kommunehelsetenesta i Møre og Romsdal.

Publisert 21.06.2022

Stad: Scandic Alexandra, Molde

Tidspunkt: 18. – 19. oktober

Kurset startar kl. 10:00, og vi ber dykk være ute i god tid. Registrering av frammøte startar kl. 09:30. 

Læringsmål dag 1

Klagesaker, forsvarlegheit, teieplikt og meldeplikt, samtykke til helsehjelp.

Læringsmål dag 2

Trygdemedisin (sjukemeldingspraksis, uførestønad mm) og dokumentasjonsplikt, journalføring og overbehandling, førerkortforskriften og attestar og om psykisk helsevernloven.

Registrering første kursdag er frå klokka 9.30. På begge kursdagar er lunsj inkludert. Kurset er gratis for deltakarane og Statsforvaltaren dekker ein overnatting, frå 18.-19. oktober for dei som bor meir enn ein times reise frå hotellet. Statsforvaltaren har reservert rom på hotellet. Påmelding gjerast ved å krysse på elektronisk påmeldingsskjema. Statsforvaltaren dekker også middag for alle deltakarane tysdag kveld, på Seilet hotell. Kryss av for middag på påmeldinga.

LIS1-leger og turnuskandidatane må sjølv søkje sine respektive kommunar om permisjon med løn. Vi viser i denne samanheng til følgjande regelverk:

Leger - Særavtale mellom Den norske Legeforening og Kommunenes sentralforbund, SFS 2305, §12.6    (gyldig til 31.12.21, men den er ikkje oppdatert så difor er denne framleis gjeldande)

Refusjon reise og overnatting: Sjå vedlegg i høgremargen med informasjon om refusjon, reise og overnatting

Økonomi: Kurset er gratis.

Deltaking:

  • Du kan delta begge dagane inkludert lunsj, middag, overnatting og frokost.
  • Du kan delta begge dagane i dagpakke inkludert lunsj.
  • Du kan i tillegg delta på felles middag tirsdag 18. oktober kl 19:00

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 15. september 2022. Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til sfmrkurs@statsforvalteren.no.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
18. oktober 2022 09:30 - 19. oktober 2022 16:00
Stad:
Scandic Alexandra Molde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
LIS1 og turnusfysioterapeutar