Basiskurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
27. mai 2021 09:00 - 12:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå invitasjonen

Korleis avdekkje og førebyggje økonomiske problem?

Publisert 12.04.2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til digitalt basiskurs i økonomisk rådgjeving

Tid: 27. mai 2021 kl 09.00 - 12.00

Stad: Microsoft Teams (du deltek via lenke som vi sender den enkelte på epost i forkant av kurset).

Målgruppe:

  • Deg som arbeider i kommunale oppfølgingstenester (bustad, rus og psykisk helse)
  • Deg som arbeider i barneverntenesta
  • Deg som arbeider med statlege oppgåver i Nav-kontor
  • Deg som er nytilsett i Nav-kontor, eller treng heilt grunnleggjande kunnskap om økonomisk rådgjeving

Om du har delteke på grunn- eller vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving tidlegare, er du ikkje i målgruppafor dette kurset.

For meir informasjon, sjå invitasjonen i høgremargen.

Påmelding: Det er elektronisk påmelding innan 20. mai 2021. Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Påmelding

Dato:
27. mai 2021 09:00 - 12:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå invitasjonen