Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Inn på tunet - læring, meistring og trivsel for ungdom?

Legg til i eigen kalender
Dato:
3. mars 2021 09:00 - 11:00
Stad:
Webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Publisert 19.02.2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til webinar om "Kan inn på tunet bidra til at fleire ungdomar fullfører vidaregåande opplæring?".

Tid: 3. mars 2021 kl 09:00 - 11:00

Stad: Nettarrangement

Den vidaregåande opplæringa skal både utdanne og danne, og vere ein trygg arena for meistring. Likevel er det elevar som sluttar i løpet av skuleåret - av ulike årsakar.

I læreplanverket er det framheva at skulen skal legge til rette for læring for elevar, og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og  tru på eiga meistring. For å skape motivasjon og læringsglede i undervisninga, treng eit breidt repertoar av læringsaktivitetar og -ressursar. Satsingar på tiltak for tilpassa opplæring, læringsmiljø og grunnleggande ferdigheiter er viktige for å minske talet på elevar som sluttar i skulen.

Kan Inn på tunet bidra her?

Inn på tunet tilbydarar og vidaregåande skular deler sine erfaringar ved å nytte Inn på tunet i skulekvardagen.

For meir informasjon og program, så invitasjonen i høgremargen.

Påmelding: Det er elektronisk påmelding innan 01. mars 2021. Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

Link til webinaret vert utsendt etter at påmeldingsfristen har gått ut.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Påmelding

Legg til i eigen kalender
Dato:
3. mars 2021 09:00 - 11:00
Stad:
Webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal