Sande kommune blir meldt inn i ROBEK
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Sande kommune inn i ROBEK.
Sande har vedteke rekneskapen for 2024. Balanserekneskapen viser eit oppsamla meirforbruk frå driftsrekneskapen som er større enn tre prosent av driftsinntektene. Derfor blir Sande meldt inn i ROBEK.
Bakgrunnen for det store meirforbruket er i hovudsak at driftsutgiftene har vore større enn inntektene både i 2023 og 2024. Auka lånegjeld har også ført til at renter og avdrag tek ein større del av kommunen sine inntekter og det blir mindre til drift.
Kommunelova § 28-1 regulerer når ein kommune skal meldast inn i ROBEK. FOr Sande blir innmeldinga gjort etter bokstav d - når det oppsamla meirforbruket er større enn tre prosent av driftsinntektene.
Om ROBEK
ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsregnskap innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar.