Lovleg vedtak om å flytte Sekken oppvekstsenter til Bekkevoll ungdomsskole

Statsforvaltaren har konkludert med at Molde kommune sitt vedtak om å flytte ungdomstrinnet ved Sekken oppvekstsenter til Bekkevoll ungdomsskole frå 1. august 2025 er lovleg.

Publisert 28.05.2025

Det var tre kommunestyrerepresentantar som bad om ein lovlegkontroll av Molde kommunestyre sitt vedtak frå november 2024.

Klaga på vedtaket

Klagarane meiner at vedtaket har stor innverknad på elevanes kvardag, og at verken konsekvensutreiing eller saksbehandling har blitt forsvarleg utført. Dei viser til at kommuneplanens samfunnsdel ikkje seier noko endra skolestruktur og at høyringsfrist i saken var to veker. Dei meiner vidare at saksutgreiinga ikkje er forsvarleg sidan fleire nemnde problemstillingar ikkje er utreia. De meiner saksgrunnlaget ikkje bygger på det grunnleggjande prinsippet om barnets beste og nærskoleprinsippet.

Har vurdert saksbehandling, utreiing og barnets beste

– Klagen dreier seg i all hovedsak om vedtaket har blitt til på lovleg måte. Vi har derfor avgrensa vår lovlegkontrollen til dette, seier Helge Mogstad, spesialrådgivar hos Statsforvaltaren.  

Statsforvaltaren har vurdert om saksbehandlingsreglane er følgd i saka, og om vedtaket har vurdert barnets beste og hatt ei forsvarleg utreiing. 

Lovleg vedtak

Statsforvaltaren har funne ein saksbehandlingsfeil med for kort høyringsfrist, men denne feilen har ikkje virka inn på vedtaket sin gyldigheit.

 – Vi konkluderer med at saka er tilstrekkeleg opplyst og at omsynet til barnets beste er vurdert og vektlagt i vedtaket. Derfor slår vi fast at vedtaket er lovleg, seier Mogstad.