Fylkesmannen gjennomfører digitale dialogmøte med kommunane i haust

Fleire av dei planlagde kommunebesøka i 2020 måtte gå ut grunna covid-19 pandemien. Fylkesmannen inviterer no til digitale dialogmøte med dei resterande kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2020

Digitale dialogmøte

I haust inviterte Fylkesmannen dei fem nye kommunane til digitale dialogmøte for å høyre korleis det har gått dei første halve året som ny kommune.

Erfaringane frå desse møta var gode og vi har difor invitert alle kommunane i Møre og Romsdal til digitale dialogmøte.  Invitasjonen er adressert politisk og administrativ leiing. Det er satt av 1,5 time til kommunedialogen med denne dagsorden:           

  • Fylkesmannen si innleiing
  • Kommunane si vurdering av eigen situasjon
  • Plan som styringsverktøy
  • Langsiktig økonomisk planlegging
  • Pandemisituasjonen
  • Kommunen sine forventningar til Fylkesmannen
  • Eventuelt

Dialogmøta erstattar ikkje dei avlyste kommunebesøka, men er eit avbøtande tiltak. Fylkesmannen får kjennskap til status og utfordringar for kommunen og tek dette inn i statsforvaltninga regionalt og sentralt. Det blir avdekt kva behov kommunane har og kva Fylkesmannen kan bidra med. Dette vil legge grunnlag for vidare dialog og oppfølging. 

Møteplan kommunebesøk 2020

Tabellen under viser ei samla oversikt over gjennomførte kommunebesøk våren 2020 og plan for digitale dialogmøte i haust.

Kontaktpersonar