Digitale kommunedialogmøte

Statsforvaltaren gjennomfører digitale dialogmøte med politisk og administrativ leiing i kommunane i perioden april – juni 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.04.2021

Aktuelle tema for dialogmøta er nærare omtalt i Statsforvaltarens forventningsbrev 2021 til kommunane i kapittel 4, Grunnlag for vidare dialog og samarbeid.

Tema for dialogmøta vil variere noko frå år til år. I 2021 har vi fokus på:

  • pandemisituasjonen
  • kommuneøkonomi
  • kommunal planlegging
  • bruk av FNs berekraftsmål
  • samfunnstryggleik og beredskap

Statsforvaltaren inviterer elles kommunen til å presentere status og utfordringar, og ta opp konkrete tema for vidare dialog og samarbeid.