Vestnes kommune meldt ut av ROBEK

Vestnes kommune er meldt ut frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2022 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.

Publisert 14.06.2023

Vestnes kommune vart meldt inn på ROBEK våren 2022. Bakgrunnen for innmeldinga var at kommunen sin årsrapport og årsrekneskap for 2021 viste at meirforbruk i 2019 ikkje blei dekt inn innan fristen på to år, jf. kommunelova § 28-1 bokstav c.

Rekneskapen for 2022 viser eit resultat på 1,6 millionar kroner etter at tidlegare underskott er dekt inn. Det gode resultatet skuldast mellom anna meirinntekter på skatteinngang, havbruksfond, integreringstilskot og utbytte. 

Om ROBEK

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsrekneskap innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.