KOSTRA-rapportering for 2025 og endra kontoplan for 2026
Kommunar, interkommunale selskap og samarbeid, og kommunale føretak, skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 23. februar 2026.
Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2026.
Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern er 15. januar 2026.
For rapportering av andre tenesteskjema er fristen 16. februar 2026.
Rapportering av rekneskapsdata har frist 23. februar 2026.
Viktig å merke seg
Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal likevel sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet, og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette for at SSB skal få oversikt over kven som har rapportert og for å estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.
Meir informasjon
Meir informasjon om rapporteringa finn de hos Statistisk sentralbyrå: Informasjon om rapporteringen for kommunene – SSB
I brevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet finn de informasjon om endringar i artar og funksjonar i kontoplanen frå 2025 til 2026. I tillegg finn de lenke til rettleiar til kontoplanen i KOSTRA for 2026.
Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon 62 88 51 70.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 -
Maria Laingen
Tlf: 71 25 85 27