Fordeling av ordinært skjønn for 2026 – Møre og Romsdal

Statsforvaltaren har på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga og innspel frå kommunane fordelt 31 550 000 kroner til statsbudsjettet for 2026.

Publisert 15.10.2025

Statsforvaltaren tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. Føremålet med skjønnsmidlane er å fange opp lokale forhold som ikkje er godt nok ivareteken gjennom dei ordinære kriteria i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar.

For 2026 skal 56,6 millionar fordelast.

Midlane vert fordelt gjennom rammetilskotet i 10 terminar i 2026.

Den resterande ramma på 25 050 000 kroner skal gå til utviklings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjønn), samt krisepott som kommunane kan søkje på ved ekstraordinære hendingar, naturskade og liknande seinare i året.     

Vi har sendt brev til alle kommunane der vi går meir i detalj om grunnlaget for tildelinga.

Kommunevis fordeling av skjønnsmidlar for 2026 (PDF)