Utvida høyringsfrist Dalan naturreservat

Høyringsfrist:
28. april 2024 23:59

Statsforvaltaren forlenger høyringsfristen for Dalan naturreservat i Surnadal kommune til 28.04.2024. Bakgrunnen er at to grunneigarar har tilbydd 321 daa skogsmark etter at høyringa har starta.

Publisert 08.04.2024

Tilbodet omfattar om lag samme naturtypar som i første tilbod, og det vil gje ei betre arrondering av naturreservatet. Det vil heller ikkje påverke andre samfunnsinteresser, bortsett frå at to hytter vert liggande som ikkje-verna areal inne i naturreservatet. Det er teke omsyn til at desse hyttene treng vedhogst og uttak av vatn i framlegget.

Høyringsdokumentet med kart og forskrift er oppdatert med endringane.