Røyking forbode på leikeplassar og idrettsområde frå 2026

Et barn leker i et lekeapparat på en utendørs lekeplass.
Målet med det nye røykeforbodet er å verne barn og unge mot passiv røyking. Foto: Shutterstock.

Frå 1. januar 2026 blir det forbode å røyke på leikeplassar og utandørs idrettsområde. Kommunen fører tilsyn. 

Publisert 01.12.2025

Nytt røykeforbod trer i kraft 

Stortinget har vedteke eit forbod mot røyking på leikeplassar som er opne for alle og utandørs idrettsområde frå 1. januar 2026. Forbodet gjeld også e-sigarettar og vape. Målet er å verne barn og unge mot passiv røyking.

Kven har ansvar? 

Det er den ansvarlege for området – eigar, drivar eller tilsvarande – som skal sørgje for at røykeforbodet blir haldt. Områda skal merkast med tydelege skilt, og den ansvarlege kan be personar om å slutte å røyke eller vise dei bort.

Tilsyn og sanksjonar 

Kommunen fører tilsyn med at forbodet blir følgt. Ved brot kan kommunen gje pålegg om retting og tvangsmulkt til den som er ansvarleg for leikeplass eller utandørs idrettsområde. Vedtak kan klagast til Statsforvaltaren.

Lovgrunnlag

Forbodet vil frå 1. januar 2026 vere heimla i tobakksskadeloven § 28.

Røykeforbodet gjeld også i private køyretøy med barn under 18 år til stades. Det er politiet som fører tilsyn med dette.