Nye telefontider

Vi ønsker å jobbe raskare med saka di og innfører telefontid mellom klokka 12.00 og 14.00.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.02.2022, Sist endra 04.11.2022

Vi gjer dette for å få meir kapasitet til skriftleg sakshandsaming.

Unnteke frå tiltaket er avdelingsleiinga, henvendingar som gjeld beredskap og henvendingar til våre sakshandsamarar på sosialområdet. 

De som ikkje kan ringe i dette tidsrommet, kan kontakte sentralbordet på tlf. 71 25 84 00 og be oss ta kontakt/ ringe opp igjen.

Døgnet rundt kan du sende  «Sikker melding til Statsforvalteren». Bruk gjerne denne tenesta! Ho er kryptert og meldinga kjem rett inn i sakshandsamingssystemet vårt.

Henvendingar som ikkje inneheld sensitiv informasjon kan du sende på e-post til postmottaket vårt sfmrpost@statsforvalteren.no. Husk å ta med saksnummer. Det gjer prosessen raskare.

Det er viktig at det ikkje vert sendt personopplysningar på e-post.