Ledige verv i Kontrollkommisjonen for det psykiske helsevern ved Helse Møre og Romsdal HF.

Det er ledige verv for leiar og vara for leiar i Kontrollkommisjonen for det psykiske helsevern ved Helse Møre og Romsdal HF – sjukehusa i Molde og  Kristiansund frå 1. januar 2024.

Publisert 12.10.2023

Oppnemning av medlemmar i kontrollkommisjonane for det psykiske helsevern er delegert til statsforvaltaren i det einskilde fylke.

Ved alle institusjonar der nokon er under psykisk helsevern skal det være ein kontrollkommisjon jf. Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern kap. 6.

Kontrollkommisjonen er eit uavhengig klageorgan for pasientar og pårørande.

Medlemmar i kommisjonen besøkjer dei psykiatriske avdelingane med visse mellomrom, og skal i den grad det er mogleg og naudsynt også føre kontroll med pasientane si velferd. Dei kan og ta opp saker på eige initiativ. I tillegg består mykje av arbeidet i å behandle klagar frå pasientar og pårørande.

Den som vert oppnemnt må ha interesse for arbeidsfeltet og være personleg egna. Det inneberer mellom anna å ha samarbeidsevner som er nødvendige i et kollegialt organ og kunne kommunisere med menneske i krise.

Samansetning av kommisjonen

Kontrollkommisjonen skal leiast av ein jurist med dommarkompetanse. I tillegg skal det vere ein lege og to andre medlemar, alle med personlege vara. Medlemane blir vanlegvis oppnemnt for 4 år om gongen. Verva blir løna for utført arbeid og oppmøte etter Statens regulativ.

I Møre og Romsdal har vi to kontrollkommisjonar, ein for sjukehusa på Sunnmøre og ein tilsvarande for sjukehusa på Nordmøre og i Romsdal.

I kommisjonen for sjukehusa i Molde og Kristiansund er det frå 1.januar 2024 ledig følgande verv:

  • Leiar av kontrollkommisjonen
  • Vara for leiar

Leiar av kommisjonen

Kontrollkommisjonen vert leia av ein jurist som er kvalifisert til å gjere teneste som dommar. Sjå krava i domstol lova §§ 53-55. Det inneberer mellom anna krav om å

  • være norsk statsborgar
  • være over 25 år
  • ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • tilfredsstille høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar.

Det er ingen øvre aldersgrense, men direktoratet anbefaler at det som hovudregel praktiserast dei same grenser som gjelder for domstolane, som er 70 år. 

Leiar bør ha erfaring enten som dommar/dommarfullmektig, barneverns- og helsenemnds leiar eller innan helse- og sosialrett, eksempelvis frå advokatpraksis eller arbeid i offentleg forvaltning.

Vara for leiar av kommisjonen

Her gjeld dei same krav til kvalifikasjonar.

Faste møte i denne kommisjonen vert haldne ved Molde sjukehus, psykiatrisk avdeling på Hjelset.

Om du er interessert i eit spennande og lærerikt verv og/eller har spørsmål kan du ta kontakt med:

Morten A. Lunde, advokat og
leiar i kontrollkommisjonen

E-post: morten.lunde@advolunde.no
Telefon: 91 32 03 22

eller

Kjersti Bakken, ass. direktør,
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,

E-post: kjersti.bakken@statsforvalteren.no
Telefon: 71 25 85 30

Søknad

Du søker elektronisk ved å sende e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no

I søknaden må det kome tydeleg fram kva verv du søker.

Merk søknaden: 2021/5888 Søknad på verv i Kontrollkommisjon for psykisk helsevern.

Søknadsfrist : 10. november 2023