Årets kompetanse- og tenesteutviklingstilskot til kommunale omsorgstenester er fordelt
Det var 25 av 27 kommunar som søkte og fekk tildelt midlar over denne tilskotsordninga i 2025.
I år var den samla søknadssummen frå kommunane i Møre og Romsdal på 46,5 millionar kroner, og Statsforvaltaren fekk belastningsfullmakt på om lag 22 millionar kroner frå Helsedirektoratet. Noko midlar er overføringar frå i fjor, så til saman blir det delt ut over 30 millionar kroner.
Kommunane kan overføre midlar i eit år, og dersom midlane etter ei slik overføring framleis er unytta må midlane betalast tilbake til Helsedirektoratet. I år var det over 1 million kroner som kommunane må betale tilbake.
Målet med tilskotsordninga er å bidra til å redusere mangelen på personell med relevant fagutdanning i omsorgstenesta, og legge til rette for ein berekraftig omsorgsteneste.
Midlane skal bidra til at kommunane sett i verk kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid ut frå lokale forutsetningar og behov. Vidare skal midlane bidra til at kommunane organiserer tenester, oppgåver og ansvar på ein måte som sikrar best mogleg utnytting av tilgjengeleg personell og kompetanse. Strategisk kompetanseplanlegging er ein viktig forutsetning for dette arbeidet.
Delmål er mellom anna kompetanseheving i form av grunn- og vidareutdanningar, samt opplæring på nasjonale satsingar på Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) og ABC. Tenesteutvikling og implementering av gode løysingane på tvers av kommunane, jf. nasjonale satsingar som mellom anna Tørn og redusere deltid.
Årets tildeling til tenesteutviklingsprosjekt viser at kommunane jobbar med å omstille seg.
Tilskotsordninga inngår i Kompetanseløft 2025 og Opptrappingsplan for heiltid og god bemanning i omsorgstenesta.
Oversikt over tildelingane finn du under «Dokument».