Retten til personar med funksjonsnedsetting i bustadsosial lov

Den bustadsosiale lova skal bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden får bistand til å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad. Personar med nedsett funksjonsevne vil ofte måtta reknast for å vera vanskelegstilte på bustadmarknaden. 

Publisert 08.03.2024

Personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden har, ut frå behovet sitt, rett til å få vedtak om individuelt tilpassa bistand til å skaffe eller behalde ein eigna bustad. Dette kan vera når personar treng særleg tilpassing av bustad og hjelpe- og vernetiltak på grunn av funksjonsnedsetjingar, og dei samtidig ikkje klarer å vareta interessene sine på bustadmarknaden, sjølv om dei kan betala utgiftene.

Kommunen må samordne eigne tenester

Kommunen må samordna eigne tenester for at dei skal lykkast med å gi bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Dei må sørgja for samarbeid på tvers av sektorar, jf. § 5 i lova. Det betyr at kommunale tenester som bustadkontor, helse- og omsorgstenester og Nav må ha gode rutinar for å gi tenester til vanskelegstilte, også personar med funksjonsnedsetjingar.

Nav sitt medverknadsansvar for bustadsosialt arbeid kjem fram etter sosialtenestelova § 15. Samtidig har Nav eit særleg ansvar med å bidra til at sosiale omsyn også blir varetekne av andre tenester, jf. sosialtenestelova § 13.  

Kommunen skal ha oversikt over bustadbehov

Kommunen skal etter § 5 i lova ha oversikt over behovet for både ordinære og tilpassa bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det er då viktig at kommunen har oversikt over kven som kan ha særleg behov for bustader, ofte saman med bistand. Dette vil ofte gjelda personar med funksjonsnedsetjingar.

Det kjem fram av forarbeida til den bustadsosiale lova under kommentarar til § 4 at «Vanskeligstilte på boligmarkedet er personer som ikke kan ivareta sine interesser på boligmarkedet. Årsaken til at personene ikke kan ivareta sine interesser på boligmarkedet kan være økonomiske, sosiale, helse- og omsorgsmessige eller mer sammensatt. Et kjennetegn ved disse personene, er at de ikke har mulighet til å skaffe seg eller opprettholde en tilfredsstillende bosituasjon på egen hånd».

Kommunen må vurdere kvart tilfelle

Kommunen må i dei enkelte tilfella, når nokon ved søknad eller på annan måte ber om bistand frå kommunen, gjere ei konkret vurdering av om vedkommande er vanskelegstilt.

«I vurderingen av om en person er vanskeligstilt på boligmarkedet skal kommunen for eksempel ta hensyn til helse- og omsorgsmessige og sosiale behov, muligheter for privat- og familieliv, behovet for å beholde eller skaffe arbeid og den enkeltes muligheter for å delta i aktiviteter», forarbeida til lova under kommentar til § 4.

Personar med funksjonsnedsetjingar vil ofte ha behov for bistand når kommunen har gjort denne vurderinga, og dermed også ha rett på vedtak om bistand, der hovudinnhaldet i bistanden som skal bli gitt kjem fram i vedtaket, lovas §§ 6 og 7.

Opptak frå webinar - BUFDIR

Kva rettar har personar med funksjonsnedsetjing i bustadpolitikken?

Sjå videoen som heiter "Boligsosialt arbeid" på nettsida til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet - Webinarer om CRPD | Bufdir. Scroll litt ned på sida for å finne filmen. 

Direktoratet snakkar med Jan Hjelle frå Husbanken og Rita Karin Sele frå Statsforvaltaren i Rogaland.