E-kurs om fysiske inngrep/tvang og makt mot elevar i skolen
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har laga ein informasjonsvideo om dei sentrale reglane i opplæringslova/privatskolelova, og i helse- og omsorgstjenesteloven ved bruk av fysiske inngrep/tvang og makt mot elevar i skolen.
Etter at den nye opplæringslova tredde i kraft i august 2024, har behovet for rettleiing om grensegangar, lovforståing og handlingsrom i møte med elevar auka.
Fleire har etterspurt avklaringar om kva som blir rekna som tvang og makt, kva som er fysiske inngrep, og når dei ulike regelverka gjeld dersom slike tiltak blir nødvendige i skulekvardagen. Målet med denne informasjonsvideoen er å styrke kunnskapen om dei sentrale reglane i helse- og omsorgstjenesteloven og i opplæringslova/privatskolelova.
Du får tilgang til informasjonsvideoen ved å melde deg på i kurskalenderen vår: