Kunngjering av offentleg verv
Ledig verv for legekyndig medlem i Kontrollkommisjonen for det psykiske helsevern ved Helse Møre og Romsdal HF – sjukehusa i Volda og Ålesund frå 1.1.2026
Statsforvaltaren har fått delegert å nemne opp medlemmar til kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. Alle institusjonar der nokon er under psykisk helsevern skal ha ein slik kommisjon.
Om kontrollkommisjonen
Kontrollkommisjonen er eit uavhengig klageorgan for pasientar og pårørande.
Medlemmane i kommisjonen besøkjer dei psykiatriske avdelingane med visse mellomrom. Dei skal, i den grad det er mogleg og naudsynt, også føre kontroll med pasientane si velferd. Dei kan og ta opp saker på eige initiativ. I tillegg består mykje av arbeidet i å behandle klagar frå pasientar og pårørande.
Medlemmar i kommisjonen må ha interesse for arbeidsfeltet og vere personleg eigna; ha samarbeidsevner og kunne kommunisere med menneske i krise.
Samansetning av kommisjonen
Kontrollkommisjonen skal leiast av ein jurist som er kvalifisert til å gjere teneste som dommar. I tillegg skal det vere ein lege og to andre medlemar, alle med personlege vara. Medlemane blir vanlegvis oppnemnt for 4 år om gongen. Verva blir løna for utført arbeid og oppmøte etter Statens regulativ.
I Møre og Romsdal har vi to kontrollkommisjonar, ein for sjukehusa på Sunnmøre og ein tilsvarande for sjukehusa på Nordmøre og i Romsdal.
I Kommisjonen for sjukehusa i Volda og Ålesund er dette vervet ledig frå 1. januar 2026:
Legekyndig medlem
Kontrollkommisjonen skal ha eit medlem som er lege. Det inneber krav om at legemedlemmet har autorisasjon så lenge vedkomande har vervet, jf. helsepersonelloven § 48 a.
Medlemmet bør ha spesialitet i allmennmedisin, og det vil vere ein fordel med lang praksis som allmennlege. Det vil vidare vere ein fordel med erfaring frå kommunehelsetenesta, eksempelvis som fastlege. Ei brei samfunnsmedisinsk orientering vil også vere av stor verdi.
Det er anbefalt at det som hovedregel praktiserast same aldersgrense som gjeld for domstolane, som er 70 år.
Vi ønskjer at legekyndig medlem i kontrollkommisjonen kan starte ca. 1. januar 2026.
Kontaktinformasjon
Om du er interessert i eit spennande og lærerikt verv og/eller har spørsmål kan du ta kontakt med:
- Advokat Kristine Devold – leiar for kommisjonen
- Telefon: 99 51 01 99/70 30 75 50
eller
- Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,
- E-post: karin.mueller.mikaelsen@statsforvalteren.no
- Telefon: 41495351/ 71258592
Søknad
Sende søknaden på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no
Det må kome tydeleg fram kva verv du søker.
Merk søknaden: Søknad på verv i Kontrollkommisjon for psykisk helsevern.
Søknadsfrist : 23.11.2025