Overdosefare.no blir lansert 14. januar
Tenesta gir oppdatert og påliteleg informasjon i situasjonar med auka overdoserisiko, og er utvikla i samarbeid med brukarar, fagmiljø og myndigheiter.
Overdosefare.no er laga for å gi rask, tydeleg og påliteleg informasjon når risikoen for overdosar aukar. Tenesta skal vere eit verktøy både for personar som brukar rusmiddel, pårørande og fagpersonar. Målet er å styrke tryggleiken og gjere det lettare å handle raskt i situasjonar med akutt fare, for eksempel ved auke i overdosar eller mistanke om forureina rusmiddel som kan føre til alvorlege skadar.
Brukarerfaring som grunnlag for utviklinga
Eit sentralt prinsipp i utviklinga av overdosefare.no har vore å involvere personar med eigenerfaring med illegale rusmiddel. Spørsmåla i varslingssystemet, slik dei står i innmeldingsskjemaet, er utforma i samarbeid med brukarrepresentantar. Erfaringane og perspektiva deira har vore viktige for å sikre at systemet opplevast som relevant, trygt og enkelt å bruke. Dette gjer informasjonen som blir samla inn meir treffsikker og nyttig, og bidreg til at varslingane faktisk gir meining for dei som blir påverka mest av dei.
Læring frå andre land
Utviklinga av overdosefare.no er gjort i samarbeid mellom Helsedirektoratet, KORUS og brukarorganisasjonar.
Systemet er utvikla med utgangspunkt i erfaringar frå land som allereie har liknande varslingsløysingar. Målet har vore å lære av utfordringar dei har møtt, som låg tillit, dårleg tilgjenge og lite bruk. Slik har ein arbeidd for å lage ei løysing som opplevast som trygg, nyttig og relevant for alle – både for dei som ønskjer oversikt over rusmiddelsituasjonen, og for dei som vil varsle om forhold som kan innebere auka fare.
Nettverkssamlingar i Møre og Romsdal
Dagen etter lanseringa er det oppstart for dei to første av i alt fire nettverk i Møre og Romsdal. Desse nettverka skal arbeide med iverksetting av dei kommunale råda i Handlingsplan mot overdosar del A. Nettverka er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren, KORUS midt og RIO.
Tema for den første nettverkssamlinga er: «Rutinane for å førebyggje overdosar bør vere ein del av kommunen sine planar».
Kontaktpersonar
-
Ragnhild Naas
Tlf: 71 25 85 07