Kommunane i Møre og Romsdal etablerer psykisk helsetilbod for barn og unge.

Den 15. september var omlag 120 personar samla i Ålesund rådhus.Formålet med samlinga var å dele erfaringar og få innspel om korleis kommunen kan gå fram for å gi barn og unge eit godt psykisk helsetilbod.
Eva Mittet Astad fortalde om arbeidet så langt i Molde kommune (foto: R Naas)
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterte kommunane i fylket til ei oppstartssamling for psykisk helseteneste barn og unge. Dette var eit samarbeid med kompetansesentera KORUS, RKBU, RVTS-midt, Barn og unges helsetenester og Ålesund kommune.
Oppslutninga var stor, og nær alle kommunar var til stades på denne samlinga som er den første av så langt tre planlagde samlingar som tek utgangspunkt i rettleiaren Psykisk helsearbeid barn og unge. Kommunane i fylket har komme ulikt i arbeidet med ei slik teneste, og tema for første samling var forankring og etablering. Erfaringsdeling og informasjon stod på dagsordenen, og praten gjekk livleg rundt borda under gruppearbeidet.
Formålet med rettleiaren er å bidra til at kommunane varetek barn og unge mellom 0-25 år med psykiske plager og familiane deira ved at dei;
- støttar opp om dei arenaene som barn og unge og familien deira er på slik at dei verkar helsefremjande og førebyggjande
- planlegg og utviklar psykisk helsetilbod for denne aldersgruppa
- tilbyr lågterskeltilbod og heilskapleg oppfølging tilpassa behova
- samarbeid med psykisk helsevern for barn og unge
Samlingene er eit ledd av arbeidet med å hjelpa kommunane i dette arbeidet.
Neste samling er planlagd 25.februar 2026, og då er det Molde kommune som er vertskap.
Bystyresalen i Ålesund Rådhus var fullsett av lydhøyre og engasjerte menneske som ønskjer å etablera gode tenester for psykisk helse barn og unge. (foto: R.Naas)