Bustadsosialt arbeid i Møre og Romsdal og i Trøndelag

Kommunen har hovudansvaret for å hjelpa vanskelegstilte på bustadmarknaden. Husbanken og Statsforvaltaren ønskjer å bidra til dette arbeidet ved å invitera inn til to ulike nettverk for målgruppene; personar med rusliding og psykisk sjukdom (ROP) og personar med utviklingshemming (VUBB) 

Publisert 13.05.2025

God og tilrettelagd bustad er nemnd som ein av fleire viktige faktorar som bidreg til god helse, trivsel, meining og meistring. Målgruppa for desse to nettverka, personar med ruslidingar og psykisk sjukdom og personar med utviklingshemming treng ofte hjelp frå det offentlege for å skaffa seg ein slik bustad.

Vi inviterer difor kommunane i dei to fylka til å ta del i følgjande nettverk:

 ROP:

Nettverksarbeid om bustadsosialt arbeid for menneske med rusliding og psykisk sjukdom

 • Personer med alvorlege rusproblem og psykiske lidingar (ROP) er særleg i risikogruppa for å bli huslause. Mange av dei som er huslause har vedvarande og samansette problem, og slit særleg med samtidig rusavhengnad og psykiske lidingar.

I dette nettverket er desse verksemdene faggruppe, som vil leggja til rette for utviklingsarbeidet:

  •        Husbanken
  •     Statsforvalteren i Trøndelag og Møre og Romsdal
  •        Kompetansesenteret for Rus Midt-Norge (KORUS)
  •       Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA)
  •     Brukarrepresentantar frå Mental Helse og A-larm

 Mål for nettverket:

1. Sikre ein helthetlig offentleg innsats for å nå måla i overordna føringar og strategiar 2. Framme og byggja på eksisterande og verksame modellar og verktøy

3. Samordn relevante økonomiske verkemiddel som gir eit godt og ege bustadtilbod for målgruppa

4. Framme eige før leie eller leie før eige-modellar Bli med å utvikla for eit betre bu- og tenestetilbod til personar med Rop-lidingar der men kjenner seg vareteke, inkludert og høyrt!

VUBB: (Valfridom, Utviklingshemming, Bustadsituasjon og Brukarmedverknad)

Forsking viser at personar med utviklingshemming ofte blir ekskluderte frå bustadmarknaden. Store bufellesskap dominerer, og mange manglar moglegheit til å bestemme kvar og korleis dei vil bu.

 VUBB arbeider for å gi personer med utviklingshemming større moglegheit til å eige eigen bustad og ta eigne val.

 Nettverket består allereie av følgjande faggrupper:

·         Husbanken

·         Statsforvalteren i Trøndelag og Møre og Romsdal

·         NAKU – Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming

·         NFU – Norsk forbund for utviklingshemmede

 

Mål for nettverket:

1. Formidle ulike etablerte buformer, og utarbeida forslag til ulike nye valfrie buformer

2. Informasjonsdeling om rettane i gruppa, jf. FN-konvensjonen- CRPD

3. Auka andelen som eig eigen eid bustad, eller kunne velja blant eigna leigebustader

4. Framme Husbankens verkemiddel for kommunen, pårørande og kvar enkelt

5. Framme eige før leie eller leie før eige-modellar

Gjennom å delta i eitt eller begge nettverk, kan kommunen få draghjelp til å setja i gang bustadsprosjekt for målgruppene.

Bli med å auka valfridommen til personar med utviklingshemming og/eller personar med Rop-lidingar slik at alle innbyggjarane i kommunen kan kjenna seg inkluderte og høyrde!

Påmelding til nettverksmøta finn dykk her:

ROP    23 mai kl 12-13.30

VUBB  21 mai kl 12-13.30