Psykisk helse og rus

Oppdatert 12.05.2025

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir


Publisert 13.05.2025

Bustadsosialt arbeid i Møre og Romsdal og i Trøndelag

Kommunen har hovudansvaret for å hjelpa vanskelegstilte på bustadmarknaden. Husbanken og Statsforvaltaren ønskjer å bidra til dette arbeidet ved å invitera inn til to ulike nettverk for målgruppene; personar med rusliding og psykisk sjukdom (ROP) og personar med utviklingshemming (VUBB) 


Publisert 13.05.2025

Psykisk helsetilbod i kommunen for barn og unge – «Oppstartssamling" - 15.september i Ålesund

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil i samarbeid med kompetansesentera KORUS, RKBU, RVTS, samt Ålesund kommune og Barn og unges helsetenester invitera alle kommunar i Møre og Romsdal til ei oppstartssamling for lågterskeltilbod barn og unge. Dette gjeld både kommunar som ønskjer å etablera eit slikt tilbod, og dei som allereie er i gang med dette.


Publisert 05.05.2025

Nye nasjonale faglege råd for auka brukar- og pårørandemedverknad innan rus og psykisk helse

For første gong har Helsedirektoratet laga nasjonale faglege råd for brukar- og pårørandemedverknad. Dei første råda er for rus- og psykisk helsefeltet.


Publisert 27.03.2025, Sist endra 27.03.2025

Nasjonal veileder psykisk helse- og rusarbeid for voksne er publisert

Nasjonal veileder i lokalt psykisk helse- og rusarbeid for voksne er en revisjon og faglig oppdatering av IS-2076 Sammen om mestring – Veileder i lokalt psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne.


Publisert 12.03.2025, Sist endra 12.03.2025

Hvordan forankre og etablere en psykisk helsetjeneste for barn og unge i kommunen?

Helsedirektoratet har nå publisert webinar nr. 3 om forankring og etablering av en psykisk helsetjeneste for barn og unge. Målgruppen er ledere på politisk og administrativt nivå i kommuner og sykehus, og dessuten aktuelle fagpersoner.

 


Publisert 12.02.2025

Nå er tiden for å satse på flere FACT og FACT-ung team i Møre og Romsdal!

Aktuelle tilskuddsordninger er nå publisert. ACT, FACT OG FACT-ung er fortsatt prioritet nummer én i tilskuddsordningen, noe som er helt i tråd med føringene gitt i opptrappingsplanen for psykisk helse.

Søknadsfrist på tilskuddsordningene er 11.april.


Publisert 03.02.2025

Overdoseførebyggjande arbeid i kommunane

Helsedirektoratet har kome med nye råd for overdoseførebyggjande arbeid. KORUS inviterer til webinar om dei nye råda, onsdag 5. februar.


Publisert 15.11.2024

Handtering av traumer

12 kommunar har til saman deltatt på kursleiar-kurs i TRT - Teaching Recovery Techniques – som er ein lågterskelintervensjon for å redusere traumerelaterte psykiske plager hos flyktningborn og unge.


Publisert 05.11.2024

Økende interesse for recovery-baserte tjenester i fylket vårt

Dårleg vêr førte til noko fråvær, men fem kommunar møttest torsdag 31.10 i Ålesund for å lære om korleis arbeide meir recoverybasert i sine tenester innan psykisk helse og rus


Publisert 08.10.2024

10.oktober - Verdsdagen for psykisk helse

Årets tema er at me treng og snakka meir saman. Oppmodinga er å gi 8 minutt av di tid til nokon du bryr deg om.