Bud i Hustadvika kommune får utvida status som typisk turiststad
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endrar gjeldande forskrift og utvidar Bud sin status som typisk turiststad. Dette betyr at butikkar i Bud kan halde ope på søndagar i perioden frå palmesøndag til 30. september.
Bud har hatt status som typisk turiststad sidan 2010. Tidlegare gjaldt ordninga med søndagsopne butikkar berre fram til 31. august. Hustadvika kommunestyre søkte om utvidinga etter initiativ frå Bud Handelsforeining. Dei peikar på at særleg bubilsesongen har blitt lengre, og at mange turistar frå Sentral-Europa har ferie i september. Dette fører til stor tilstrøyming av besøkande også denne månaden. Statsforvaltaren er samd i at dette gir grunnlag for å utvide statusen som typisk turiststad.
Forskriftsendringa vert no oppdatert via Lovdata og trer i kraft med det same, slik at ho gjeld for inneverande sesong.