Søkarlister til offentlege stillingar

Statsforvaltaren har den siste tida handsama fleire klagesaker som gjeld søkarliste til offentlege stillingar. Hovudregelen er at søkarlista er offentleg. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.01.2022

Søkarlista er offentleg 

Hovudregelen etter offentleglova er at søkarlister til offentlege stillingar er offentlege. Omsynet bak regelen er samfunnets moglegheit til kontroll av at det ikkje blir tatt usaklege omsyn i tilsettingsprosessen. I utlysinga skal verksemda som skal tilsette gjere søkarane merksame på at søkaren kan bli offentleggjort sjølv om vedkomande har oppmoda om å bli anonymisert. 

Utarbeiding av søkarlista 

Når søknadsfristen er ute skal verksemda snarast mogleg sette opp ei søkarliste. Søkarlista blir offentleg så snart ho er utarbeidd. Verksemda må difor allereie på dette tidspunktet ta stilling til om nokon av søkaren skal anonymiserast. 

Dersom oppmodinga om å bli unntatt frå den offentlege søkarlista ikkje blir akseptert, skal søkaren varslast om dette. Søkaren kan då velje å trekke søknaden sin før offentleggjeringa. Dersom søkaren trekk søknaden sin etter offentleggjeringa skal søkaren stå på lista.  

Unntak frå offentleggjering 

Verksemda kan i visse tilfelle etterkome søkarens ønske om å bli anonymisert. Overordna sett legg verksemda då vekt på omsyn til søkaren sjølv og omsynet til å få best mogleg rekruttering.  

Eit moment er om det er knytt særleg offentleg interesse til stillinga. Slike stillingar kan vere rolla som statsforvaltar eller kommunedirektør. Terskelen for å anonymisere søkaren skal då vere høg. Det må ligge føre spesielle omstende for at søkaren kan anonymiserast, og det må kunne påvisast at offentleggjering kan føre til konkrete skadar eller ulemper.

Det kan til dømes vere anledning til å unnta ein sjølvstendig næringsdrivande frå søkarlista. Dette kan vere tilfelle viss søkaren risikerer redusert kundetilgang om det blir kjent at vedkomande kan kome til å legge ned næringsverksemda. 

For leiarar i offentleg sektor kan det til dømes vere grunnlag for å gjere unntak frå offentleggjering viss verksemda søkaren er leiar i er under omstilling eller omorganisering, og det vil skape ekstra uro dersom det blir kjent at leiaren søker ny jobb.