Reidun Norlaug Aambø tildelt Kongens Fortjenstmedalje

Reidun Aambø heidra med medalje for livslang innsats.
Laurdag 20. september 2025 blei Reidun Norlaug Aambø heidra med Kongens Fortjenstmedalje for sitt store og verdifulle arbeid som forskar, undervisar og folkeopplysar gjennom mange år. Medaljen blei overrekt av Volda-ordførar Sølvi Dimmen på vegner av Hans Majestet Kong Harald, under ei høgtideleg markering i festsalen på Volda samfunnshus.
Reidun har sett varige spor gjennom sitt akademiske arbeid med norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. I 1991 starta ho opp studiet Norsk språk- og samfunnskunnskap for internasjonale studentar, der utanlandske studentar fekk lære om integrering i både lokalsamfunnet og studentmiljøet.

Ho har òg engasjert seg sterkt i kvinnehistorie, og har brukt mykje av livet sitt på frivillig arbeid for å løfte fram og synleggjere ukjende kvinner – både lokale og internasjonale. Reidun har gitt ut to bøker: Kvinner i Ørsta og Volda og Kvinner frå andre land som valde Volda og Ørsta, der ho dokumenterer og framhevar kvinnelege bidrag til samfunnslivet.
I tillegg har ho vore ein aktiv bidragsytar i Røde Kors Omsorg, både lokalt og regionalt.

Reidun har løfta fram norsk som andrespråk, kvinnehistorie og gjort ein forskjell for mange – både lokalt og internasjonalt.
Vi gratulerer Reidun med velfortent heider!
Kontaktpersonar
-
Andrea Farfan
Tlf: 71 25 85 91