Jonny Lyngstad tildelt Kongens fortenestemedalje for livslang innsats

Jonny Lyngstad.
Jonny Lyngstad under medaljeutdelinga 21. mars. Foto: Anne Karin Knutsen Heggem.

Jonny Lyngstad har gjennom fleire tiår gjort ein framifrå innsats for å dokumentere og formidle lokal- og slektshistorie i Eide og Hustadvika.

Publisert 24.03.2026

Han har vore ei sentral drivkraft sidan ungdomsåra, mellom anna som mangeårig leiar av Eide historielag og som redaktør for Eide-minne i over 20 år. Etter kommunesamanslåinga har han halde fram engasjementet gjennom Gammalt frå Hustadvika og bevaringsarbeidet ved Kvitholmen fyr.

Han har òg spelt ei viktig rolle innan slektsforsking lokalt, regionalt og nasjonalt. Lyngstad var med på å etablere DIS Molde i 1999, har vore leiar for Slekt og Data Møre og Romsdal i fleire periodar, og har hatt verv i landsstyret. I 2024 vart han tildelt Teresprisen, organisasjonen si høgaste utmerking, for sin utrøyttelege innsats.

Tildelinga

Under årsmøtet til Slekt og Data Møre og Romsdal på Eide laurdag 21. mars fekk han tildelt Kongens fortenestemedalje for si store og langvarige innsats som slektsforskar, lokalhistorikar og skrifttyder, og for sitt mangeårige engasjement i Slekt og Data.

Ordførar i Hustadvika kommune, Nils Christian Harnes, stod for sjølve utdelinga – ei høgtideleg og rørande stund der ein spent, svært glad og høgst verdig prismottakar mottok den ærefulle medaljen.

Ordførar Nils Christian Harnes og Jonny Lyngstad.
Ordførar Nils Christian Harnes og Jonny Lyngstad. Foto: Anne Karin Knutsen Heggem.

Jonny Lyngstad er ein ettertrakta foredragshaldar og ein unik ressurs innan kjeldegransking og tyding av historiske dokument. Arbeidet hans har gjort slektsforsking meir tilgjengeleg for allmenta og styrkt det frivillige organisasjonslivet i regionen.

Gratulerer så mykje til Jonny Lyngstad med ei velfortent utmerking!

Kontaktpersonar