Markering og festmiddag 01. november 2019

Elvane i Raumaregionen har vore infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris i 40 år.

Etter behandling og fem år karantene er det no håp om at parasitten er heilt borte frå elvane. 1. november vil Mattilsynet konkludere om elvane kan friskmeldast basert på prøvar tatt no i haust.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og fylkesmann Rigmor Brøste blir med på markeringa på Rauma kulturhus. Denne vil innehalde fagomtale omkring lakseparasitten og det arbeidet som er gjennomført.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.10.2019

Stad: Rauma kulturhus, Åndalsnes (ved Grand hotel Bellevue)

Festmiddagen er for spesielt inviterte gjester. For meir informasjon, sjå invitasjon pr e-post.

Økonomi: Middag og dagsamlinga er gratis. Du må sjølv dekkje reisekostnadane og evt. overnatting.

Prisar:

  • Deltaking med overnatting i enkeltrom 01.-02. november, kr 945,-
  • Deltaking med overnatting i dobbeltrom 01.-02. november, kr 595,- pr pers

Om du treng overnatting 01.-02. november må du krysse for det i påmeldinga. Denne overnattinga må du betale sjølv direkte til hotellet, jf oppgitte prisar.

Elektronisk bindande påmelding innan 22. oktober 2019 kl 13:30. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.