Tre konferansedagar for barnehage og skole
Velkommen til Molde 19.-21. november! Tema er kompetanseordningar, barnehage- og skolemiljø, spesialpedagogikk og ny opplæringslov.
Leiarar og eigarar i skole, barnehage og PPT i både kommunale, private og fylkeskommunale einingar er velkommen!
Det er mogleg å delta ein, to eller tre dagar.
Meld deg på innan 3. november: Konferansedagar for barnehage og skole | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (deltager.no)
Statsforvaltaren dekker konferansedagane og lunsj. Overnatting og middag betaler den enkelte.
Her er hovudtematikk for dagane. Meir detaljert program er under arbeid.
19. november: Erfaringar med kompetanseordningane
Vi samlar samarbeidsforuma (SAFO) i Møre og Romsdal til ein erfaringskonferanse om arbeidet i kompetanseordningane. Vi deler erfaringar både frå scena og rundt borda. Tema som vil få mest merksemd er: Inkluderande læringsmiljø, samarbeid rundt barn som treng ekstra innsats og eleven/barnet si stemme.
20. november: Barnehage- og skolemiljø og spesialpedagogikk
Denne dagen vil vi sjå nærare på barnehage- og skolemiljø, spesialpedagogisk hjelp og individuelt tilrettelagt opplæring. Å skape eit inkluderande læringsmiljø og «å vere i forkant» vil gå som ein raud tråd gjennom dagen.
21. november: Regelverk – ny opplæringslov
Innlegga vil særleg handle om plikta til å følgje opp elevar som har fråvær, tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging, skolemiljø, retten til å fullføre vidaregåande opplæring og internkontroll. Nokre av innlegga blir lagt som parallelle økter, slik at de sjølv kan velje kva de ynskjer å delta på.