Webinar: "Nulltoleranse mot krenkingar – festtale eller realitet?"

En rektor holder opp en plakat utenfor skolen. Det står "Her er det ingen som krenker andre". 
Lærere står ved siden av ham og smiler, og barna i skolegården smiler. Bildet er tegnet, KI-generert.
Er nulltoleransen mot krenking i skulen ein realitet? Foto: KI-generert.

Korleis kan alle som arbeider i skulen forstå og praktisere nulltoleranse mot krenkingar i skulekvardagen?

Publisert 17.10.2025

Foredraget utfordrar deg til å reflektere over om nulltoleranse-prinsippet er ein reell praksis eller ein festtale utan forankring i kvardagen. Det er seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Kristin Sundsbø, som foreles.

Målet for webinaret

Foredraget søker å styrke skulen sitt kollektive arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø. Målet er å bidra til eit felles forståingsgrunnlag for arbeid mot krenkingar, utryggleik og utanforskap. Foredraget går gjennom reglane som gjeld det psykososiale skulemiljøet i kapittel 12 i opplæringslova.

Målgruppe

Foredraget er relevant for alle som arbeider i skulesektoren, og kan med fordel brukast som del av kompetanseheving på planleggingsdagar og i anna utviklingsarbeid gjennom skuleåret. Det varer i underkant av ein time.

Kontaktpersonar

Lenkjer