Nytt for barnehage og skole hausten 2023

Gratis SFO for 1. og 2. klassingar, gratis barnehage for barn nummer tre, e-læring for tilsette i barnehagar og opplæring og læremiddel på Ukrainsk er nokre av haustens nyheiter. 

Publisert 05.08.2023

Les heile saken her: Nytt til barnehage- og skolestart høsten 2023 (udir.no)

Barnehagen

Har du fleire enn to barn i barnehagen, vert barnehagen gratis frå barn nummer tre.

E-læring: barnehagefagleg grunnkompetanse

I slutten av august kjem utdanningsdirektoratet med eit interaktivt e-læringstilbod til assistentar og andre tilsette i barnehagar. Tilbodet er gratis. Her kan du lese meir om tilbodet.

Nytt for SFO

Det vert gratis skolefritidsordning 12 timar i veka for elever på både 1. og 2. årstrinn i skolen. 

Nytt for skoler

Fleksibel opplæring på ukrainsk

Skolen kan søke om å vere med på tilbodet "fleksibel opplæring på ukrainsk". Tilbodet er for elevar som har rett til særskild språkopplæring, og som har behov for grunnleggjande norsk med støtte på ukrainsk. Tilbodet er for elevar frå 5.–7. trinn, 8.–10. trinn og til elevar som går i vidaregåande opplæring.

Søknadsfristen er 16. august. Les meir om tilbodet og søk om plass på digilær.no.

Læremiddel oversett til ukrainsk

Pedagogisk barnehagemateriell og læremiddel for alle skoletrinn og vaksenopplæring oversett til ukrainsk finn du her:

Læremidler oversatt til ukrainsk (udir.no)

Materiellet er gratis og tilgjengeleg ut skoleåret 2025–2026.