Informasjon om tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule

Arbeidet med å innføre den nye tilskotsordninga for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule frå 1. januar 2026 er godt i gang.

Publisert 17.11.2025

Statsforvaltaren har utarbeidd eit forslag til ny struktur for samarbeidsforum i Møre og Romsdal. Forslaget inneber eitt samarbeidsforum i fylket med 12 medlemmar med personlege vara i same rolle. 

Oppgåvene til samarbeidsforumet blir å utarbeide ein langsiktig plan med prinsipp for fordeling av tilskotsmidlar, i tråd med kriteria i forskrifta. I tillegg skal forumet drøfte det årlege fordelingsforslaget frå Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren har sendt ut ei høyring til alle deltakarar i fylket, med svarfrist 26. november. Du kan sende inn svar på høyringa her: Innspel til framtidig organisering av samarbeidsforum i Møre og Romsdal.

Meir informasjon om forslaget finn du i dokumentet Informasjon om ny ordning (PDF).