Rettleiar om klage på gjennomføring av realkompetansevurdering til kommune og fylkeskommune
Denne rettleiaren gjeld klage på gjennomføring av realkompetansevurdering for deltakarar i forberedande opplæring for vaksne (FOV) og vidaregåande opplæring for vaksne (VOV).
Deltakarar i forberedande opplæring for vaksne, FOV, og vidaregåande opplæring for vaksne, VOV, har rett til å klage på gjennomføring av realkompetansevurdering, jf. opplæringsforskrifta § 16-5. Den vaksne deltakaren kan ikkje klage på den faglege vurderinga eller resultatet av realkompetansevurderinga.
Kva må skolen gjere når dei har mottatt klage?
Kommunen eller fylkeskommunen må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Dersom klagen blir avvist, skal skolen fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på eit avvisingsvedtak, og skolen må opplyse om dette i sitt avvisingsvedtak.
Kommunen eller fylkeskommunen kan etter å ha vurdert klagen og tatt den til følge, velje å omgjere sitt eige enkeltvedtak til gunst for klagaren og treffe eit nytt enkeltvedtak om realkompetansevurdering. Dersom kommunen eller fylkeskommunen endrar vedtaket til gunst for klagar så må det grunngjevast i nytt vedtak. Klagar får da ny rett til å klage til kommunen eller fylkeskommunen. Dette er i tråd med forvaltningslova § 33, moglegheita til å omgjere sitt eige vedtak.
I saker der skolen er einig med klagar, skal klagen ikkje sendast til Statsforvaltaren.
Skolen må oversende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for deltakaren.
Kva må kommunen eller fylkeskommunen sende til Statsforvaltaren?
Sjå merknadane til § 16-5 Klage på gjennomføringa av realkompetansevurdering | udir.no for ytterlegare rettleiing til punkta under.
- Klagen
- Kommunens eller fylkeskommunen si uttale som må gjere greie for:
- Korleis realkompetansevurderinga er gjennomført
- At realkompetansevurderinga er gjennomført etter reglane for realkompetansevurdering i § 15-5 og § 15-13
- Kva for dokumentasjon som låg føre ved kommunen eller fylkeskommunen si gjennomføring av realkompetansevurderinga
- Kva som eventuelt blei gjort for å opplyse saka dersom det var ytterlegare behov for det
- Det må vere godtgjort at realkompetansevurderinga blei gjennomført utan ugrunna opphald. Det er ikkje mogleg å innføre ventelister for realkompetansevurdering
Sakspapira sendes til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.
- Skolen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
- Det er svært viktig at skolen oppgjer rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren skal vurdere om
· Kommunen eller fylkeskommunen har gjennomført realkompetansevurdering i samsvar med krava som er sett til realkompetansevurdering etter § 15-5 og § 15-13.
Statsforvaltaren skal så vurdere i denne rekkefølga:
- Er realkompetansevurderinga gjort ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget/faga, og er kompetansen til den vaksne likeverdig med denne kompetansen.
- Er realkompetansevurderinga godkjent eller ikkje godkjent i heile eller deler av faget/faga. Dersom noko ikkje er godkjent, skal dette grunngjevast i enkeltvedtaket.
- Er realkompetansevurderinga gjennomført på forsvarleg grunnlag og utan opphald
- Er saka forsvarleg opplyst etter forvaltningslova § 17
- Har den vaksne deltakaren vore kjent med kva som kan vurderast
- Er krava til enkeltvedtak oppfylt
- kjem det klart fram i enkeltvedtaket kva som er godkjent og ikkje godkjent
Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?
Statsforvaltaren skal vurdere om kommunen eller fylkeskommunen har følgt reglane i opplæringsforskrifta §§ 15-5 og 15-13. Dersom Statsforvaltaren kjem fram til at reglane for gjennomføring av realkompetansevurdering er følgt, skal Statsforvaltaren stadfeste kommunen eller fylkeskommunen sitt enkeltvedtak. Dersom Statsforvaltaren kjem fram til at reglane for realkompetansevurdering ikkje er følgt, skal Statsforvaltaren oppheve enkeltvedtaket og sende saka tilbake til kommunen eller fylkeskommunen for ny behandling. Statsforvaltaren kan ikkje godkjenne noko som ikkje blei godkjent av kommunen eller fylkeskommunen i realkompetansevurderinga.
Statsforvaltaren skal avvise klagen dersom vilkåra for å klage i § 16-2, jf. § 10-2 eller alminnelege regler i forvaltningslova ikkje er oppfylt.
Lenker til opplæringsforskrifta for meir informasjon
- § 16-2 Rett til grunngiving for karakteren | udir.no
- § 16-5 Klage på gjennomføringa av realkompetansevurdering | udir.no
- § 10-1 Kva kapittelet gjeld og forholdet til forvaltningslova | udir.no
- § 10-2 Klagefristar | udir.no