Informasjon til deltakarar om klage på gjennomføring av realkompetansevurdering

Denne rettleiaren gjeld deltakarar i forberedande opplæring for vaksne (FOV) og vidaregåande opplæring for vaksne (VOV).

Publisert 23.04.2025

Her finner du informasjon om korleis du kan klage på gjennomføring av realkompetansevurdering. 

Kva kan du klage på? 

  • Du kan klage på korleis realkompetansevurderinga er gjennomført. Du kan ikkje klage på den faglege vurderinga som er gjort eller på resultatet av realkompetansevurderinga. Dette inneberer at du for eksempel ikkje kan klage på at du har fått «ikkje godkjent».
  • Vi anbefaler deg å ta kontakt med skolen for å få ei grunngjeving for gjennomføringa av realkompetansevurderinga før du bestemmer deg for å klage.  

Kven kan klage? 

  • Du som har fått gjennomført ei realkompetansevurdering har rett til å klage. 

Frist for å klage  

  • Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet du er gjort kjent med resultatet av realkompetansevurderinga i faget, eller burde gjort deg kjent med den.  
  • En ny frist på 10 dagar gjelder frå det tidspunktet du eventuelt har kravd og fått en skriftleg grunngjeving for gjennomføringa av realkompetansevurderinga.  

Slik klagar du 

  • Skriv kva du meiner er feil i gjennomføringa av realkompetansevurderinga og kvifor
  • Skriv under på klagen med dato for når du klagar
  • Send klagen til rektor ved skolen du går på. 

Kva skjer når du klagar? 

Skolen vurderer først om dei er einig i klagen din. Dersom skolen bestemmer seg for å omgjere sitt eige enkeltvedtak til gunst for deg, må skolen grunngje dette. Da skal klagen ikkje sendes vidare til Statsforvaltaren. Du kan også klage på dette nye enkeltvedtaket til skolen i kommunen (FOV) eller fylkeskommunen (VOV).

Dersom skolen ikkje er einig i klagen din, sender dei klagen din til Statsforvaltaren. 

Statsforvaltaren kan avvise klagen, stadfeste (oppretthalde) karakteren eller oppheve den. Statsforvaltaren vurderer berre om skolen har følgt reglene for fastsetting av standpunktkarakter.   

·         Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom vilkåra for å klage i § 16-2, jf. § 10-2 eller dei alminnelege reglene i forvaltningslova ikkje er oppfylt

  • Dersom reglene er følgt, skal Statsforvaltaren stadfeste (oppretthalde) skolen sitt (kommunens eller fylkeskommunens) enkeltvedtak.
  • Dersom Statsforvaltaren kjem fram til at reglane for gjennomføring av realkompetansevurdering ikkje er følgt, skal Statsforvaltaren oppheve enkeltvedtaket og sende saka tilbake til skolen (kommunen eller fylkeskommunen) for ny behandling. Skolen skal da gjennomføre ei heilt ny realkompetansevurdering og dei som deltok i den første realkompetansevurderinga kan ikkje delta i den nye.

Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye enkeltvedtaket.

 

Lenker til opplæringsforskrifta for meir informasjon

Opplæringsforskrifta:

Kontaktpersonar