Spelar kvarandre gode

- Vi har ein ting til felles, sa Fylkesmann Lodve Solholm då han møtte formannskap og kommunestyret i Hareid torsdag 21. mai. - Vi skal gjere kvardagen best mogleg for innbyggjarane i Hareid kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.05.2015

Det er mange faktorar som spelar inn for at ei kommune skal fungere. Då kan det vere godt for kommunane å ha Fylkesmannen som sparringspartner. 21. mai tok Hareid kommune imot besøk av Fylkesmannen for å styrke samarbeidet. Hareid er den 34. av dei 36 kommunane Fylkesmannen besøkjer for å skape betre dialog.

Varm velkomst
Fylkesmannen med sine representantar fann fort vegen til kommunehuset på Hareid denne småkjølige torsdagsmorgonen. Inne i kommunestyresalen fekk dei derimot ein varm velkomst av formannskapet og den øvste administrative leiinga. Kvinner og menn helste på kvarandre, nokre var gamle kjende og nokre helste for fyrste gong. Heile formålet med denne dagen var at Fylkesmannen og Hareid kommune skulle bli betre kjend med kvarandre.

Då alle hadde fyllt opp kaffekoppen sin, starta ordfører Anders Riise møtet ved å fortelle om kommunen. Hareid har 5100 innbyggarar og er i vekst. Dei har fire krinsar i kommunen: Hareid, Hjørungavåg, Brandal og Bigset. Kommunen er den sjuande største industrikommunen i Møre og Romsdal. Likevel har Hareid den høgste arbeidsledigheita i fylket, noko av det er knytta til råvaremangelen i fiskerinæringa. 

Eit håp er tent
Hareid er på Robek-lista, "og det gjer noko med oss", innrømde ordføraren. Han fortalte vidare at dei har vore i ein krevjande omstillingsprosess, og har no kome i ballanse og vel så det. Med dei fine resultata det siste budsjettet viste, kunne ass. Fylkesmann Rigmor Brøste gi ordføraren og staben hans eit håp om å bli meldt ut av Robek-lista allereie i 2016. Ho ga gjengen skryt for innsatsen dei har lagt ned i den vanskelege ROBEK-tida.

Samferdsel
Hareid er eit kommunikasjonsknutepunkt. Mellom anna har Hareid med hurtigbåt og buss flyplassforbindelse til Ålesund lufthavn Vigra. I tillegg går det ferje over til Sulesund i Sula med vidare samband via Moa til Ålesund.

Stolt
Der er mange ting i kommuna ordføraren var stolt over. Mellom anna nemnde han Hjørungavågspelet – basert på slaget i år 986, som dei har ønskje om å gjere enno meir ut av framover. Hareid har og det kjende Ishavsmuseet Aarvak, Kvitneset - som er eit minnesmerke frå krigen, Hareidstemna, korsong, idrett og andre lag og organisasjoner som er viktig for kommuna.

Godt samarbeid
Hareid har fleire interkommunale samarbeid når det gjeld kritiske oppgåver. Renovasjon, barnevern, IKT, kontrollutvalsekreteriat, revisjon, PPT og Sunnmøre Regionråd. Det interkommunale barnevernet hadde forresten denne dagen opning av det nye lokalet sitt som er lokalisert i Volda. Dette samarbeidet opplevast som særs positivt ifølgje fleire i forsamlinga.

Gode diskusjonar
Formålet med besøket er at kommunane i fylket skal forstå kva oppgåver fylkesmannen har, og korleis kommunane kan ha utbytte av god kontakt med Fylkesmannen. Det var mange interessante tema på agendaen, nemleg helse og omsorg, oppvekst og utdanning, miljøvern, kommuneøkonomi og kommunereform. Etter kvart innlegg var det rom for innspel og spørsmålsrunde. På denne måten fekk formannskapet og leiinga i Hareid kommune diskutere ulike problemstillingar ilag med delegasjonen frå Fylkemannen.

Klar tale frå ungdommen
Ungdomsrådet i Hareid stilte med tre representantar. Marthe Emilie Hansen, Thea Gjerde Rise og Ovar Hatløy. Dei kunne fortelje at dei var særs nøgd med fritidstilbodet i Hareid kommune. Dei nemnde i fleng fotbal, handball, fritidrett, turn, TenSing, musikkskule, korps, ungdomsklubbar og meir.

Konkrete ønskjer
Det dei derimot ikkje var nøgd med var at kommunen hadde tatt frå dei MOT. Hansen fortalde at dei har eit utfordrande narkotikamiljø i kommunen, og at difor er det ekstra viktig med eit velfungerande forebyggjande arbeid som MOT. Dei la og fram ønskje om ein ungdomsarbeidar, og at den rusfrie ungdomskafeen ikkje skulle bli lagt ned, som det har vore snakk om.

- Saman kan vi skape den beste kommuna å bo i, vi treng dykk, og vi veit at de treng oss ungdommane, sa den den unge og taleføre Hansen til formannskapet før ho måtte skunde seg vidare til neste møte. 

"Shame on you"
Fylkesmannen skraut av ungdommane som hadde mot til å seie kva dei hadde behov for. "Shame on you" sa han til kommuneleiinga som hadde fjerna MOT på grunn av økonomi.

- Uansett om kommuna er på ROBEK-liste er forebyggande arbeid retta mot ungdom det siste ein skal nedprioritere, meinte han. Når ungdom gir slike signal skal kommuneleiinga ta det på alvor og sette i verk tiltak, sa han med klar stemme til forsamlinga.

Ordføraren registrerte ønsket frå ungdommen og rådet frå Fylkesmannen og skulle ta dette vidare.

Betre rusta
På slutten av dagen hadde ass. Fylkesmann Rigmor Brøste eit innlegg om kommuneøkonomi og kommunereforma. Ho ba kommunane ikkje utgreiie for mykje, men heller sjå framover og byrje å handle. Ho presiserte at det ikkje handlar om å slå saman kommunar men heller å byggje nye kommunar. På den måten lagar ein større, meir robuste regionar som vil stå betre rusta til å møte morgondagen sine utfordringar og til mellom anna å imot fleire oppgåver frå staten.

Kva tenkjer Hareid?
Brøste stilte eit interessant spørsmål. Kva tenkjer Hareid om framtida i kommunereform-samanheng? Ordføraren fortalde om tre ulike alternativ: Regionkommune Sunnmøre, Sjustjerna Søre Sunnmøre og 0-alternativet; om det å stå åleine.

Klokka tikka mot middagstid, men Brøste ville fyrst løfte opp meiningane kring kommunereforma. Det var mange i salen som tok ordet:

- Det er viktig at ein har ein variert arbeidsmarknad i den nye store kommunen.
- Vi må gi meir informasjon ut til innbyggjarane om kommunereforma.
-Vi må skunde seg å ha tettare dialog med dei kommunane det kan vere aktuelt å bygge ei ny og større kommune med.
- Vi bør lage ei stor nok kommune til å kunne ta på oss dei fleste oppgåvene.
- Ungdommane ser ikkje kommunegrensene lenger, difor er dei meir positive til den nye kommunereforma.
- Det er viktig at vi blir så store at vi kan ta ein del av Fylkeskommunen sine oppgåver.

Brøste snakka om det å byggje musklar i kommunesamanheng og det å "gi og ta" om ein går inn i ei ny kommune med fleire. Fylkesmann Solholm røyste seg og frå stolen sin og la til at det er lurt av kommunane å lene seg framover, og vere villig til å tenke framover.

Brøste avslutta med eit sitat av ei eldre kvinne sagt i kommunereformsamanheng:

"Nei, eg trur at huset mitt står der det står også etter kommunereforma eg."

Aktuelt

Kommunebesøk:
- Fylkesmannen besøkjer alle 36 kommunane i fylket i perioden 2013-2015.

- Målet er å betre jobben som bindeledd mellom dei sentrale styresmaktene og kommunane.

- I forkant av kvart kommunebesøk vert det utarbeidd eit kommunebilete.

- Kommunebilete er eit bilete Fylkesmannen har av den aktuelle kommuna.

- Felles målsetting er å tilby gode tenester til innbyggjarane i Møre og Romsdal.

- Viktige satsingsområder er folkehelse og barn og unge sine oppvekstvilkår.