Fylkesberedskapsrådet samla i Skodje

Fylkesmann Lodve Solholm samla fylkesberedskapsrådet til møte på Storfjord hotell i Skodje 9. september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.09.2014

Agendaen spente vidt, frå gjennomgang av terrortrusselen i sommar, til ei orientering om kommunereforma og betydinga for beredskapen. Det vart også via mykje tid  til den evige trusselen – fjellskredfaren ved Åkneset, Heggura og  Mannen. Fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal tok også opp den kommande storfilmen Bølgen som har premiere neste år, og som har handling frå eit fjellskred ved Åkneset og ei påfølgande flodbølgje.

-Ein film vi godt kunne klart oss utan, meiner Foldal, som er redd folk kan bli unødig skremd, og vil stå klar med ei mothistorie når filmen kjem ut for å gi eit meir korrekt bilde av trusselen og beredskapen.

Fylkesberedskapsrådet skal samordne krisehandtering i samband med alvorlege hendingar i fred, krise og krig. Fylkesberedskapsrådet vert leia av fylkesmannen, og har faste, årlege møte.

Over 40 medlemmer, gjester og observatørar var samla på møtet i Skodje.