Beredskap i etterpåklokskapens tid

22.juli, Dagmar, pandemi. Kommunane si beredskapsevne er sett på fleire store prøver dei siste åra. Når fylkesmannen inviterer til beredskapskonferanse 14. og 15. mai er spørsmålet: Kvar står vi eigentleg i 2013?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.05.2013

-Kommunane viser gong på gong at når noko uforvarande skjer så er beredskapen god og dei visar god krisehandtering. Likevel, ein treng ikkje vere dårleg for å bli betre, og det er viktig å møtast for å dele erfaringar og diskutere utfordringar. Sjå på kva rammer, styringssignal og trendar det er som bør ligge til grunn for god kommunal beredskap i åra framover, seier fylkesmann Lodve Solholm i Møre og Romsdal. Solholm vil sjølv opne konferansen.

-Vi vil sjå framover, men også bakover. Målet er interessante dagar med både avklaringar, gode diskusjonar og inspirasjon som deltakarane kan ta med heim. 

 

Den langsiktige verknaden etter terroråtaka 22. juli er eit av fleire viktige tema i konferansen. Mellom anna kjem leiar Trond Henry Blattmann i Den Nasjonale Støttegruppa. Andre tema er dei kvardagslege beredskapsutfordringane kommunane har, kommunale kriseteam, interkommunalt beredskapsarbeid og innføringa av eit nytt landsdekkande nødnett som kjem til Møre og Romsdal i 2014.

Konferansen er på Rica Seilet Hotel i Molde, 14. og 15.mai.