Vidaregåande kurs i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving 5.-6. september 2017

Dato:
5. september 2017 09:00 - 6. september 2017 14:45
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Økonomirådgivarar i NAV-kontor

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til vidaregåande kurs i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving.

Publisert 30.01.2017

Tid: 5.-6. september 2017

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

Føremål og målgruppe: Arbeids- og velferdsdirektoratet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å støtte kommunane i arbeidet med å styrke kompetansen til økonomi- og gjeldsrådgivarar.  Økonomisk rådgiving-/gjeldsrådgiving, jf. sosialtenestelova §17, er ein del av kjerneoppgåvene til NAV og spelar ei viktig rolle som eit av fleire tiltak ovanfor den einskilde for å kunne overvinne ein vanskeleg situasjon.

Kurset rettar seg primært mot veiledarar som har økonomi- og gjeldsrådgjevingsoppgåver etter lov om sosiale tenester §17. Kurset bygger på grunnkurset i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving, og deltakarane må ha minimum kunnskapar tilsvarande dette kurset.

Føredragshaldarar begge dagar:  Rådgivar Inger-Helen Søgnen frå Fylkesmannen i Hordaland og juridisk direktør Hanne Riksheim i Lindorff.

Praktiske opplysningar: På grunn av redusert økonomisk ramme frå vår oppdragsgiver må vi i år ta ei kursavgift på kr 475,-  Denne avgifta må kvar deltakar betale til hotellet når dei kjem.

Ønske om tilsending av faktura må avtales av den enkelte direkte med hotellet, i god tid før første kursdag.

Fylkesmannen dekkjer alle måltid.  For dei som har over 1 ime reise kvar veg dekker vi også overnatting.  Reisekostnader og eventuelt behov for ekstra overnatting natta før dekkast av den einskilde sin arbeidsgivar. 

Av miljøomsyn oppmodar vi dei som har høve til det om å nytte kollektivtransport.  Vi har sett ei grense på maksimalt 40 deltakarar, dette trur vi ikkje skal bli noko problem då deltakartalet dei siste åra har vore om lag 30.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 5. juli 2017.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05/71 25 84 99.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
5. september 2017 09:00 - 6. september 2017 14:45
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Økonomirådgivarar i NAV-kontor