Oppgåver som verje for barn

Verjeoppgåver som verje for barn vil typisk vere å ta hand om økonomien til barnet, og å representere barnet ved søknader og anna som krev medverknad frå verje. I enkelte saker må verjene i tillegg ha samtykke frå oss. Dette gjeld til dømes odel, og kjøp og sal av fast eigedom.

Foreldre med foreldreansvar er verjer for eigne barn under 18 år. Foreldreansvaret er tredelt. Det inneber å

  1. ha ansvar for dagleg omsorg for barnet,
  2. ta avgjerder i personlege spørsmål for barnet og
  3. ta hand om verjeoppgåver for barnet

Ta avgjerder i spørsmål om økonomi og anna

BankID og Vipps

Pass

Samtykkesaker

Ta avgjerder i spørsmål om økonomi og anna

Barn og unge under 18 år kan som hovudregel ikkje bestemme sjølv over midlane sine. Det vil difor vere verjene som opprettar bankkonto og disponerer over kontoen fram til barnet er myndig. Dersom Statsforvaltaren forvaltar midlar for barnet, er det foreldreverjene som kan søkje om uttak frå kontoen. For å sikre at barn over tolv år blir høyrt i slike spørsmål, ber vi om at også den mindreårige skriv under på slike søknader.

Andre verjeoppgåver er til dømes å søkje om stønader som barnet av ulike årsaker kan ha rett på, som grunn- og hjelpestønad ved sjukdom, eller barnepensjon dersom ein av foreldra døyr. Vidare vil verja ta avgjerder for barnet dersom han eller ho er involvert i ei straffesak. 

Dersom mindreårige er ueinige i avgjerder som verjene tek, kan den mindreårige be oss ta stilling til saka. Dei kan til dømes sende melding til oss gjennom skjemaet Send sikker melding til Statsforvaltaren.

Spørsmål som gjeld personlege interesser for barnet, ligg til foreldreansvaret. Dersom barnet av ulike årsaker har fått oppnemnd verje, kan denne også ta stilling til spørsmål som ligg til foreldreansvaret.

BankID og Vipps

I alle tilfelle der foreldre har felles foreldreansvar, krevst samtykke frå begge foreldre for å opprette BankID eller Vipps for barnet. Oftast må foreldra nytte sin eigen BankID og samtykke elektronisk til at barnet får BankID. Enkelte bankar krev også at barn og foreldre er kunde i same bank.

Krav om samtykke frå begge foreldre er knytt til foreldreansvaret. Så lenge foreldra har felles foreldreansvar, gjeld kravet om samtykke derfor sjølv om barnet bur med berre ein av foreldra, eller om barnet av ulike årsaker ikkje har kontakt og samvær med begge foreldre. Det gjeld også om barnet er under omsorg av barnevernet, sidan foreldre i dei fleste tilfelle framleis har foreldreansvaret, sjølv om dei ikkje har den daglege omsorga.

Statsforvaltaren kan bestemme at berre ei av verjene skal ta hand om verjeoppgåver for barnet, dersom den eine av foreldreverjene ikkje kan ta hand om interessene til barnet for ei viss tid eller for visse saker.

Dersom det ikkje er råd å få samtykke frå begge foreldre, kan ein søkje oss om å stå aleine som verje ved søknad om BankID og Vipps til barnet. Søknaden må grunngjevast. Før ein søkjer må ein prøve å få den andre forelderen til å medverke, eventuelt ved å gi fullmakt dersom banken godkjenner dette. 

Pass

Når foreldre har felles foreldreansvar, krevst samtykke frå begge foreldre ved søknad om pass til barnet. Statsforvaltaren kan ikkje bestemme at den eine av foreldra skal ta hand om interessene til barnet aleine ved søknad om pass. Sjå politiet sine nettsider for meir informasjon om dette.

Samtykkesaker

I enkelte saker må verjene ha samtykke frå Statsforvaltaren for å opptre på vegner av barnet. Dette gjeld til dømes dersom det er aktuelt å gjere gjeldande eller gi avkall på odels- eller løysingsrett. Det same gjeld ved kjøp og sal av fast eigedom for den mindreårige.

Ved felles foreldreansvar må begge foreldre underskrive på søknadsskjema, eller samtykke i eiga melding til oss. Barnet si meining skal høyrast i saka. Vi ber derfor om at verjene forklarar barnet kva saka gjeld, og at barn over tolv år skriv under på søknaden saman med foreldra. Søknadsskjema finn de på www.vergemal.no/skjema

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.