Digital tilgang til framtidsfullmaktsgjevar sine skatteforhold
Skatteetaten har lansert ei løysing som gjer framtidsfullmektig utpeikt i ei framtidsfullmakt digital tilgang til framtidsfullmaktsgjevaren sine skatteforhold (skattekort, skattemelding og skatteoppgjer) dersom framtidsfullmakta gjer dekning for det.
Stadfesting frå statsforvaltaren
Ei framtidsfullmakt trer i kraft når den som skreiv fullmakta ikkje er i stand til å ta hand om dei interessene som blir regulert av framtidsfullmakta lenger på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekt helse.
Fullmektigen kan då søke statsforvaltaren om å stadfeste at framtidsfullmakta er i kraft.
Vi kan ikkje registrere eller oppbevare framtidsfullmakter som ikkje er i kraft. Med mindre fullmaktsgjevaren er ute av stand til å ta hand om interessene sine grunna sjukdom, er det difor ikkje nødvendig å sende søknad til oss.
Søknad til Statsforvaltaren om å stadfeste at ei framtidsfullmakt er i kraft må innehalde:
- søknadsskjema som ligg på sivilrett.no/framtidsfullmakt/skjema
- legeerklæring som skildrar fullmaktsgjevaren sin helse, bistandsbehov og samanheng mellom diagnose og bistandsbehov. Det ligg eit legeerklæringsskjema som kan fyllast ut av lege på sivilrett.no/framtidsfullmakt/skjema
- framtidsfullmakta i original og
- dokumentasjon på at fullmaktsgjevaren sin ektefelle, sambuar eller andre nære slektningar er orientert om innhaldet i framtidsfullmakta, og at framtidsfullmakta er i kraft.
Dersom fullmaktsgjevaren bur i Vestland, kan dokumenta sendast samla per post til Statsforvaltaren i Vestland, Verjemålsseksjonen, Postboks 7310, 5020 Bergen.
Dokumenta vil bli returnert til fullmektigen når saka er behandla ferdig her.
Viss vi stadfestar at framtidsfullmakta er i kraft, vil vi tinglyse og registrere stadfestinga vår i aktuelle register, og lage ei attest til fullmektigen som kan leggjast fram som bevis for aktuelle tredjepartar. Attesten til fullmektigen og tinglysinga og registreringa av stadfestinga vår dokumenterer at framtidsfullmakta er i kraft, men skildrar ikkje det nærare innhaldet i framtidsfullmakta.
Kva oppgåver fullmektigen kan gjere på vegner av fullmaktsgjevaren blir regulert av sjølve framtidsfullmakta, og fullmektigen må difor leggje framtidsfullmakta fram for aktuelle tredjepartar sjølv om vi har stadfesta at framtidsfullmakta er i kraft.
Det er ikkje lovpålagt å søke om stadfesting av at framtidsfullmakta er i kraft før framtidsfullmakta blir tatt i bruk.
Digital tilgang til fullmaktsgjevaren sin skattemelding
Dersom framtidsfullmakta gjer dekning for det, kan fullmektigen sende søknad til Skatteetaten om digital tilgang til skattemeldinga til fullmaktsgjevaren ved å
- logge seg inn med eiga brukar på http://www.skatteetaten.no/person/skatt/delegere/fa-tilgang/fremtidsfullmakt/
- svare nei på spørsmål om meldinga gjeld ei pågåande sak
- svare ja på spørsmål om meldinga gjeld nokon andre
- fylle inn fødselsnummeret til fullmaktsgjevaren
- laste opp framtidsfullmakta som vedlegg
- skrive «trenger digital tilgang» i fritekstfeltet
Dersom fullmektigen sender søknad til Skatteetaten om å få digital tilgang til fullmaktsgjevaren sin skattemelding etter at statsforvaltaren har stadfesta at framtidsfullmakta er i kraft, er det ikkje nødvendig å dokumentere nærare overfor Skatteetaten at framtidsfullmakta er i kraft. Det skuldast at vi, ved stadfesting, sender elektronisk melding om stadfestinga til folkeregisteret.
Om fullmektigen sender søknad til Skatteetaten om å få digital tilgang til fullmaktsgjevaren sin skattemelding utan at statsforvaltaren har stadfesta at framtidsfullmakta er i kraft, må dokumentasjon på at framtidsfullmakta er i kraft leggjast fram for Skatteetaten.
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar