Vil du hjelpe mindreårige asylsøkjarar og flyktningar?

Vi treng fleire representantar og verjer for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i områda kring Stord, Voss, Ullensvang og Florø.

Publisert 25.03.2026

Kva er ein representant eller ei verje?
Statsforvaltaren oppnemner representantar for mindreårige som søkjer om asyl i Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar. Når barnet får innvilga opphaldsløyve, får  han eller ho som regel oppnemnd verje i staden for representant.

Representanten og verja er ein juridisk erstattar for foreldra og skal hjelpe barnet i møte med det norske systemet og samfunnet. Vedkomande skal ta hand om dei juridiske og økonomiske interessene til barnet og ta avgjerder som vanlegvis vert tekne av den som har foreldreansvaret. Representanten og verja har ikkje ansvaret for å utøve den daglege omsorga, men skal sikre at omsorgsbehovet til barnet vert ivareteke. 

Statsforvaltaren i Vestland har eit korps av faste representantar og verjer som tek på seg oppdrag. Dei har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, og dei fleste kombinerer oppdraga med ordinært arbeid. Som representant og verje har ein krav på godtgjering og dekning av naudsynte utgifter i samband med utføringa av oppdraget.

Vi treng fleire representantar og verjer
Akkurat no har vi eit særleg behov for nye representantar og verjer som held til i eller i nærleiken av

  • Stord kommune (Litlabø)
  • Kinn kommune (Florø)
  • Voss herad
  • Ullensvang kommune

Både Stord og Kinn kommune har asylmottak der einslege mindreårige asylsøkjarar bur i kortare eller lengre periodar. I Voss herad og Ullensvang kommune vert einslege mindreårige busette etter at dei har fått opphaldsløyve.

Krav for å bli representant eller verje
Det er ingen formelle krav til utdanning eller yrkeserfaring for å kunne bli representant eller verje. Det krevst likevel at du er personleg eigna og motivert. I tillegg er det ein føresetnad at du har gode kunnskapar om det norske samfunnet og det norske språket, og kan orientere deg i det offentlege systemet.

Vi gjennomfører samtale med, innhentar politiattest frå og gjer kredittsjekk av aktuelle søkjarar. Alle representantar og verjer får tilbod om opplæring og rettleiing av Statsforvaltaren.

Søknad
Dersom du har lyst til å bli ein del av Statsforvaltaren sitt representant- og verjekorps, kan du sende oss ein søknad. Vi ber om at søknaden inneheld informasjon om motivasjonen din for å bli representant/verje, og at du legg ved ein oppdatert CV med oversikt over utdanning, arbeidserfaring, og eventuelle kurs og verv.

Lenkje til søknadsskjema finn du i høgremargen. Hugs å laste opp CV-en din.

Søknadsfristen er 30.04.2026.

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med Kjersti Solheim Eide eller Idunn Brandshaug Horvei.

Du kan lese meir om representanten og verja sine oppgåver på www.vergemal.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.